Retten er utbreidd somsnøggmat og finare restaurantmat i Vietnam,[5] og blir ofte kalla den vietnamesiskenasjonalretten.[6]Pho kan etast alle tider på døgeret. Det er vanleg å eta suppa medetepinnar ogsuppeskei.
Suppa kan førast tilbake til Nord-Vietnam tidleg på 1900-talet. Opphavet er dårleg dokumentert,[7][8] og både dei kulinariske påverknadane på retten og ordsoga til sjølve ordet er omstridde.[9] Pho blei spreidd til resten av verda takka veraflyktningar etterVietnamkrigen.[10]
Tradisjonell pho-kraft tek fleire timar å laga.[11]For pho med storfekjøt koker ein storfebein og magert kjøt somoksehale, bryst ellerflankesteik/slagside. I Sør-Vietnam kan ein også bruka sener, mage eller kjøttbollar. Høns eller kylling kan brukast på liknande vis, eventuelt med nok innvolar som hjarte, uutvikla egg ogkrås.[12][11]
Kjøtet blir kokt saman med lauk og ingefær og laukt som er blitt steikt på sterk varme, i blant over open eld, og ulike krydder. Vanlege krydder er vietnamesisk kanel (Cinnamomum loureiroi) eller andrekaneltypar,stjerneanis, svartkardemomme,koriander,fennikel ognellikspiker. Dersom dei blir brukt heile koker ein dei ofte oppi ein pose slik at dei ikkje flyt laust i suppa. Det går også an å bruka krydder i pulverform. Mot slutten av koketida kan ein tilsetjafiskesaus (Nước mắm).
For å halda krafta klar er det vanleg å ta ut skum og liknande som flyt til toppen av suppa.
Nudlane brukte i pho er flaterisnudlar, som regel av typenbánh phở ellerkuy teav (hủ tiếu).[13] Nordlege variantar er gjerne litt breiare enn dei frå Sør-Vietnam. Pho-nudlar blir laga av ris av god kvalitet. Dei er svært kvite, litt klisset og smaker litt syrleg.[6]
Pho ga servert på gata iHanoi i typisk nordleg stil utan tilbehøyr ved.
Det finst fleire ulike regionale variantar av pho i Vietnam, med eit særleg skilje mellom «nordleg pho» (phở bắc) og «sørleg pho» eller «Saigon-pho» (phởSài Gòn). Nordleg pho har gjerne litt vidare nudlar og meir vårlauk, og blir typisk berre servert med eddik, fiskesaus og chilisaus. Sørleg pho har gjerne ei litt søtare kraft og blir servert med bønnespirer og fleire ferske urter. Også anna tilbehøyr ser ut til å ha oppstått i sør.[7]
Pho med ekstra feit kraft (nước béo) blir servert med vårlauk som mildnar smaken.Hành dấm, ein lauk i eddik, er ein populær siderett
Internasjonale pho-variantar kan vera vegetariske (phở chay), medtofu og grønsakkraft, og kan ha andre typar grønsaker, som gulrot og brokkoli. Andre nudeltypar kan brukast der pho-nudlar ikkje er å få tak i.
Ei av dei største serveringskjedene i Vietnam erPho 24, med rundt 60 serveringsstader i Vietnam og 20 i utlandet.[15] Ei USA-amerikansk verksemd erPhở Hòa, som har over 70 serveringsstader i sju land.[16][17][18]
Pho-nudlar blir også brukt i fleire andre vietnamesiske rettar, som wok-steikt pho (phở xào), sautert pho (phở áp chảo), pho-vårrull (phở cuốn) og sur pho (phở chua).[21] Andre populære vietnamesiske nudelrettar erbún riêu,bún bò Huế (ei anna storfe-nudelsuppe),bún chả,hủ tiếu,bún thịt nướng, ogmì Quảng.[22]
«pho (British & World English)»,Oxford Dictionaries (Oxford University Press), arkivert fråoriginalen 7. august 2013, henta 23. august 2013, «a type of Vietnamese soup, typically made from beef stock and spices to which noodles and thinly sliced beef or chicken are added.Origin: Vietnamese, perhaps from Frenchfeu (in pot-au-feu)»
↑Scripter, Sami; Yang, Sheng (2009).Cooking from the Heart: The Hmong Kitchen in America.University of Minnesota Press. s.25.ISBN1452914516. «Phở is made with small (1/16-inch-wide) linguine-shaped rice noodles labeled ‘bánh phở’.»
↑Thanh Nien staff (3 February 2012).«Vietnamese street food a gourmet’s delight».Thanh Nien News. Arkivert fråoriginalen 24. mai 2012. Henta 15. oktober 2012. «A visit to Vietnam would never be complete, Lister said, without the taste of food on the street, including phở - beef noodle soup,...»
12Nguyen, Andrea Q.«History of Pho Noodle Soup».San Jose Mercury News, reprinted at Viet World Kitchen. Arkivert fråoriginalen 18. november 2012. Henta 22. oktober 2011.