Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Petter Hugsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petter Hugsted


StatsborgarskapNoreg
Fødd11. juli1921
Kongsberg kommune
Død16. mai2000 (78 år)
Kongsberg kommune
Idrettskihopping,fotball
Tok del iSkihopping under Vinter-OL 1948
UtmerkingarSportsjournalistenes statuett

Alf Petter Hugsted (11. juli 192116. mai 2000) var ein norskskihoppar. Han var både fødd og døydde påKongsberg.

Karriere

[endre |endre wikiteksten]

Hugsted vart olympisk meister i hopp i underVinter-OL 1948 iSt. Moritz, føreBirger Ruud på sølvplass ogThorleif Schjelderup på bronseplass. Hugsted hoppa 65 meter i fyrste omgang og 70 meter i andre omgang, det lengste hoppet i tevlinga. Alle dei norske medaljane kom etter klart høgre stilkarakterar enn for dei sterkaste, utanlandske konkurrentane. Hugsted fekk 18 og to gongar 18,5 poeng i teljande karakterar for fyrstehoppet og tre gongar 19 for andrehoppet. Finnen Matti Pietikäinen hoppa 69,5 og 69 meter, men tapte totalt 12 stilpoeng i høve til Hugsted og hamna på fjerdeplass i tevlinga. For prestasjonen i OL-bakken vart Hugsted tildelt 'Sportsjournalistenes statuett' for 1948, den aller fyrste som vart utdelt. Han var også med iSki-VM 1950 iLake Placid, enda då på sjuandeplass, endå om han var berre femte beste nordmann.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

[endre |endre wikiteksten]
  • 1948: Gullmedalje under OL i St. Moritz. Nr 3 i Holmenkollrennet
  • 1950: Nr 7 i VM i Lake Placid. Nr 3 i Holmenkollrennet
  • 1951: Nr 13 i Holmenkollrennet

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • P. Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. Oslo, 1957.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Petter_Hugsted&oldid=3472673»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp