Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Peter Lely

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Lely

StatsborgarskapDei sameinte Nederlanda
Fødd14. september 1618
Soest
Død

30. november 1680 (62 år)
Covent Garden,London

Yrkekunstmålar,teiknar,designar
Sjangerportrett,målarkunst
Medlem avHaarlem Guild of St. Luke
Peter Lely på Commons

Peter Lely, opphavlegPieter van der Faes (14. september 161830. november 1680) var einnederlandsk-engelsk kunstmålar.

Liv og gjerning

[endre |endre wikiteksten]
Sjølvportrett, ca. 1660
To damer av Lake-familien, ca. 1650

Han var fråUtrecht, namnet Lely tok han tidleg etter ei lilje utanfor barndomsheimen iHaag. Lely studerte iHaarlem og reiste tilEngland omkring 1641. Her måla han landskapsbilete og historiemåleri.

Etter nokre få år i England byrja han å konsentrere seg omportrettkunst. Verka hans vart med tida påverka av målestilen tilAnthonis van Dyck, ein annan utvandra nederlendar. Samanlikna med denne nyttar han seg av kraftigare penselføring, sterkare fargar og sinnsstemning. Lely måla portrett av medlemer av den engelske kongefamilien og av andre mektige personar i det samtidige England. Mellom anna portretterte han begge konganeKarl I,Karl II ogOliver Cromwell. Særleg er han kjend for måleria frå det luksuriøse hoffet til Karl II.

Lely dreiv ein større målarverkstad og skal ofte ha måla berre hovudet av figurane i verk som han signerte. Han vart adla (knight) i 1680, kort etter døydde han i Covent Garden, den seinare bydelen i London.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Peter Lely
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Peter_Lely&oldid=3236692»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp