Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Peshawar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peshāwar
pasjto پېښور
urduپشاور
hindko پِشور
Sunehri-moskeen i Peshawar.
Sunehri-moskeen i Peshawar.
Sunehri-moskeen i Peshawar.
Styresmakter
Land
Pakistan
Geografi
Flatevidd1 257 km²
Innbyggjarar
 - By (1998)

982 800
Høgd over havet359 m
TidssoneUTC+05:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside:https://cmgp.gkp.pk/

Peshawar er ein by iDen nordvestlege grenseprovinsen iPakistan. Han er ein strategisk viktig by ved grensa mot Afghanistan, 15 km aust forKhyberpasset. Byen er også eit senter for grensehandel og reisande.

Innbyggjarane i byen er hovudsaklegpasjtunarar medanhindkotalarar er ei minoritetsgruppe. Folk frå fleire andre språkgrupper held også til i byen, der det i tillegg tilpasjto og hindko også blir talaurdu,khowar,dari,farsi ogpanjabi.

Peshawar i 1870.

Soge

[endre |endre wikiteksten]

Byen har vore eit kultursentrum sidan oldtida, både innanindo-gresk og seinare buddhistisk kultur. Frå 100-talet var han hovudstad iGandharariket, kjend under namna Parasawara, Purasapura og Begram. Som del avSilkevegen var han stoppestad forkaravanar fråKabul,Bukhara ogSamarkand.

Byen var under britisk styre frå 1849 til 1947, då Pakistan fekk sjølvstende. Etter atSovjetunionen gjekk inn i Afghanistan i 1979 blei byen eit hovudmål for afghanske flyktningar, og det ligg storeflyktningeleirar i nærleiken. I 2006 budde dei flest av dei rundt tre millionar afghanske flyktningane i Pakistan nær Peshawar.

Utsal av tørka frukt i Peshawar.

Kultur og utdanning

[endre |endre wikiteksten]

I Peshawar finst ei rekkje eldre bygningar, som Gor Khatri, eit tidlegare buddhistkloster og hindutempel, festninga Bala Hissar, ruinfeltet Shahji-ki Dhere, Mahabat Khan-moskeen. Gamlebyen i Peshawar ligg innanfor einbymur med 16 portar.

Universitetet i Peshawar blei grunnlagd i 1950. Byen har også eit landbruksuniversitet, eit ingeniør og teknologi-universitetet og fleire private høgskular.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

Byen har ein storhandverksproduksjon av mellom annasmykke og dekorertemugger. Han har også konserverings-, tekstil- og maskinindustri. Peshawar har også mangebasarar med sal av daglegvarer ogsuvenirar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Peshawar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Peshawar&oldid=2982006»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp