Peru er i dag om lag fem gonger så stort somStorbritannia, men då europearane kom, omfatta det i tillegg heile Bolivia og Ecuador, delar av Brasil og Colombia og mykje avArgentina og Chile.
I inkatida hadde riket dobbelt so lang kyst som no, men landet har framleis over 2000km open kystline motStillehavet.
Kart over Peru
Landet er delt på langs av dei høgeAndesfjella. Mellom parallelle fjellkjeder ligg dalar med busetnader og høgfjellsplatå 3000– 4000 meter over havet. Det høgaste fjellet i Peru erHuascarán, med 6768m.
Dei vestlege tørre slettene ved kysten (costa) er skilde fråAmazonasregnskogen i aust medAndesfjella i midten. På grensa til Bolivia liggTiticacasjøen, den høgast liggjande seglbare sjøen i verda. Det høgaste fjellet erHuascarán med 6768 meter.
Frå fjella renn store vassmassar mot aust og sluttar seg tilAmazonaselva. Berre nokre få elvar renn vestover mot Stillehavet.
Peru er eit tropeland. Frå naturen si side har landet store variasjonar i landskapet, med tørrørken ved kysten, tropiskregnskog i innlandet ogsnø- ogisbredekte Andesfjell imellom. Vestkysten harørkenklima med mindre enn 50 mm nedbør i året, og heile kystbeltet er difor ein kjempestor ørken. Austsida av Andesfjella får kring 2000-3000 mm i året. Det er ein umerkeleg overgang mellom den peruanske regnskogen og den brasilianskejungelen. Middeltemperaturen i jungelstrøka er omkring 27°C året rundt. På kysten er den varmaste tida av året februar-mai med ein middeltemperatur på 20-25°C, medan juli-september er kaldast med temperaturar kring 15-20°C. Dette er relativt låge temperaturar for desse breiddegradene, noko som kjem av den kaldePerustraumen, som påverkar temperaturtilhøva.
Altiplano i Peru
År om anna kjem den varme havstraumenEl Niño sørover langs Ecuador-kysten og skapar dramatiske forstyrringar i klimaet i heile landet. Dette skjer med ujamne mellomrom, vanlegvis kvart 2.–8. år, såkallaniño-år. Niño-straumen pressar på sørover og tvingar den nordgåandeHumboldtstraumen med kaldt vatn til å dreia mot vest. Det varme vatnet tek livet av millionvis av fisk. Dette skapar ikkje sjeldan hungersnaud blant fiskarane på nordkysten. El Niño bringar òg med seg skybrott som får storflaumar til å koma ned frå fjella på vanlegvis tørre stader og gjera stor skade på kystlandet.10234 kilometer i diameter langt
Fleire utdøydde sivilisasjonar har halde til i Peru. Over tusen år førInka-indianarane kom ned til kystlandet, haddemochicaane og andre sivilisasjonar bygtakveduktar ogpyramidar der.
Hovudsetet til inkariket i Peru låg iCuzco. Landet vart erobra avspanskeconquistadorar i1533. I1821 vart Peru erklært uavhengig, men dei spanske styrkane vart ikkje overvunne før1824.
Peru var heimstad til ulike pre-inkakulturar, mellom dei den eldste kjende kulturen på det amerikanske kontinentet,Norte Chico-sivilisasjonen som eksisterte mellom 3000 og 1800 f. Kr. Funna frå denne tida omfattar blant anna byenCaral 200 km nord for Lima, og er den eldste byen som er funnen på kontinentet. Han er datert til cirka 2600 f. Ks.Nazcakulturen eksisterte frå omtrent 200 f.kr. til 600 e. Kr.Inkariket, som hadde hovudsete iCuzco, var det største riket på amerikansk jord som spanjolane møtte.
Pizarro nådde kysten av Peru i1527, men vende tilbake til Spania for å få kongeleg løyve til å erobra området med den rike høgkulturen der. Då han kom tilbake i 1532 var Inkariket i borgarkrig mellom dei to brørneHuáscar ogAtahualpa. Samstundes hadde sjukdomar som europearane hadde ført med seg, særlegkoppar, allereie svekka folkesetnaden. På kort tid lukkast Pizarro i å ta kontroll over heile Inkariket, og heile Peru var i 1538 under kontrollen til «conquistadorane». Landet blei eitvisekongedømme i1542 med Lima som hovudstad. Inkaene var likevel endå ikkje heilt overvunne; ikkje før i1572 var den opne motstanden nedkjempa i det geografisk uoversiktlege landet. Større eller mindre opprør var likevel hyppige i heile kolonitida. Etterkvart blei Peru til det spanske administrasjonssenteret for det meste av det søramerikanske kontinentet. Ved sida av den administratiive tydinga var landet produsent avgull,sølv og tekstilar som blei eksporterte til Spania.
Napoleonskrigene hadde òg innverknad på Sør-Amerika med sjølvstendekrigar i mange land. Peru, med den lange tradisjonen sin som spansk administrativ senter, vart sentrumet tilrojalistane på kontinentet. Difor byrja sjølvstendekampen i Peru forholdsvis seint, etter 1820.
Peru erklærte sjølvstende frå Spania den28. juli1821 takka vera ein allianse mellom den argentinsk-chilenske hæren tilJosé de San Martín og denstorkolombianske hæren leia avSimón Bolívar. Det tok tre år før den spanske visekongen endeleg blei overvunnen den 9 desember 1824 islaget ved Ayacucho. Dette var endepunktet for den spanske kolonitida i Sør-Amerika. Peru fekk ikkje sin første folkevalde president før i1827. Frå 1836 til1839 var Peru ogBolivia sameint iPeru-Bolivia-konføderasjonen, som først blei oppløyst etter ein væpna konflikt medChile ogArgentina. I desse åra heldt den politiske uroa fram, og hæren var ein viktig politisk faktor. I1879 gjekk Peru og Bolivia igjen inn i ein allianse i kampen mot Chile isalpeterkrigen. Bolivia og Peru tapte krigen i1883, og Peru tapteArica til Chile. Først på byrjinga av 1900-talet blei det politiske stabilitet i landet. Stabiliteten varte til den andre presidentperioden til autoritæreAugusto Leguía 1919-1930. Urolege år følgde, der eit svakt demokrati freista å hevda seg mot militæret og oligarkiet.
I 1948 tok militæret makta i eit kupp leia av Manuel A. Odría. Til trass for enkelte forsøk på å gjenreisa demokratiet ,som i presidentvalet i 1962, blei militæret verande ved makta. Militæret var antikommunistisk og undertrykte meiningsfridom og andreborgarrettar, og korrupsjonen blomstra. På slutten av 1970-talet hadde dårleg økonomisk styring ført landet ut i krise. Militæret var svekka, og det blei laga ein ny demokratisk grunnlov.
Den nye grunnlova blei innført i 1979 og demokratiske val gjennomførte året etter. Peru hadde framleis grunnleggjande problem. Aukande internasjonal gjeld og inflasjon gjorde økonomisk vekst vanskeleg. Dyrking av og handel med narkotika og opprørsrørsler som denmaoistiskeSendero Luminoso forstyrra ei fredeleg utvikling. Det kom ikkje betring før presidentskapet tilAlberto Fujimori (1990–2000). Til trass for ein autoritær stil, korrupsjon og menneskerettsbrot blei landet stabilisert og byrja ei positiv utvikling under han. Fujimori klarte òg å nøytralisera trusselen frå Sendero Luminoso. Fujimori måtte gå av i samband med presidentvalet 2000 og flykta til Japan. Han har seinare blitt henta tilbake til Peru og dømt for korrupsjon og menneskerettsbrot. Etter Fujimori bleiAlejandro Toledo vald til president som den første i stillinga av urfolksopphav. Han blei følgd i stilllinga avAlan García i 2006. Under begge presidentane heldt den positive utviklinga i landet fram. Økonomien er blant dei raskast veksande i Sør-Amerika. PresidentanePedro Pablo Kuczynski (2016–2018) ogMartín Vizcarra (2018–2020) blei begge avsette etter riksrettsprosessar i kongressen. Grunngjevinga var m.a. korrupsjon.[2][3]
Peru har ein folkesetnad på 31,2 millionar menneske (folketeljing 2017).[4]
Anslegen fødselshyppigheit i 2018 var 17,6 per 1000 innbyggjarar, og døydelegheiten same året var anslått til 6,1 per 1000 innbyggjarar.[5] Folketalet er forventa å nå 40 millionar i 2050.[6] I 2019 budde 78,1% av folkesetnaden i urbane område. Straumen av menneske til byane skapar store sosiale problem i Peru og folk manglar ein plass å bu, utdanning og helsetilbod.[treng kjelde]
Peru er eit multietnisk land som stammar frå ulike menneskegrupper som har vore i landet og kome til i løpet av dei siste 500 åra. Urfolk slo seg ned i dagens Per fleire tusenår før dei spanske conquistadorene kom til. Spanjolar og afrikanarar kom til i store mengder i kolonitida. Etter at Peru fekk sjølvstende frå Spania i 1821 kom europeiske innvandrarar i fleire bølgjer fråItalia,Spania,Frankrike,England ogTyskland. Etter 1850 komarabarar,kinesarar ogjapanarar til.
Peru har ikkje nokon offisiell statsreligion, sjølv om konstitusjonen anerkjenner den historiske tydinga til denkatolske trusretninga i utviklinga av landet. Religionsfridom er lovfesta, og det er forbode å diskriminera personar på grunn av religiøs overtyding. Den mest utbreidde religionen i Peru er kristendom, der katolisismen er den dominerande med ei tilslutting mellom 70 og 80%. Andre kristne trussamfunn inkludererprotestantar,ortodokse kristne ogmormonarar. Andre religionar som er etablerte i Peru er mellom annabuddhisme,jødedom ogislam. Utøving av tradisjonelleførkolumbiske religionar finst òg, og mange praktiserer katolisisme blanda med element av tradisjonelle religionar. I 2018 blei krava om minimum 500 vaksne registrerte medlemmar for å kunna registrera eit trossamfunn fjerna.[7]
Peru er delt inn i 25 regionar (regiones; eintal:región). Desse regionane er delte i provinsar, som igjen består av distrikt. Det er 195 provinsar og 1933 distrikt i Peru. Området til houdstadenLima blir kallaLima Metropolitana og er ein provins, men ikkje del av ein region. Hovudstaden Lima ligg ikkje i regionen Lima.