Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. GjennomPersarriket har språket hatt stor historisk tyding og utbreiing, og det har framleis ein høg status mange stader. Persisk blir skrive med ei tilpassa utgåve avdet arabiske alfabetet, dette blir ofte kalladet persiske alfabetet.
Dei mest nærskylde språka til persisk er kurdisk, balutsji og mazandarani.[1]
Tradisjonelt har språket blitt kalla «persisk» på norsk, nett som språket tradisjonelt heiterPersian påengelsk,Persisch påtysk ogperse påfransk. Ein har også brukt nemninga «nypersisk» for å skilja det frå gamalpersisk ogmellompersisk. Frå slutten av 1900-talet har det òg blitt vanleg å seie «farsi», etter det persiske endonymetfârsi. Det iranskeAkademiet for persisk språk og litteratur[2] som har medlemer fråIran og dei persiskspråklege landaTadsjikistan,Afghanistan ogUsbekistan, har kome med ei fråsegn der dei frårår at nemningafarsi blir nytta på europeiske språk i staden forpersisk,Persian osb. med denne grunngjevinga:[3]
Persisk/Persian osb. har vore nytta i mellom anna kulturelle, vitskaplege og diplomatiske dokument i mange hundre år, og det å nyttefarsi i staden forpersisk ville bryte ein vektig historisk tradisjon.
Det å ta i brukfarsi i staden forpersisk gjev inntrykket av at vi har å gjera med eit nytt språk – noko som også kan vere intensjonen til somme av dei som nyttarfarsi.
Å endre språkbruken kan òg gje inntrykk av atfarsi er ein dialekt som er nytta i nokre delar avIran, og ikkje det rådande og offisielle språket i landet.
Ordetfarsi har aldri vore nytta i nokon vitskapleg artikkel eller noko universitetsdokument på noko vestleg språk,og framlegget om å ta det i bruk kan skape tvil og uvisse om namnet på det offisielle språket iIran.
Det er viktig å skilje mellom adjektivapersisk ogiransk.Persisk har å gjere med eitt av språka eller éi av dei etniske gruppene i Iran, Afghanistan osb., medaniransk har å gjere med landet Iran, der det blir tala 75 ulike språk,[4] eller med den iranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, som persisk høyrer til.
Dei fonetiske særmerka i den språklege utviklinga frå gammalpersisk til farsi (jf.zend) er hovudsakleg bortfall av endevokalar og at ustemdek, t, p, c (tsj) er blitt stemdeg, d, b, z. Døme:
Morfologisk står gammalpersisk på om lag same nivå somsanskrit.Nomen, men ikkjeverb, hardualis, og av dei åttekasusa i sanskrit manglar gammalpersisken berredativ. Verbet har bådekonjunktiv ogoptativ, sama rike utbygging av presensstammen av om lag sametempus som sanskrit. Mellompersisk har ei total ombygging, og er i hovudtrekk identisk med moderne persisk.
Frå starten av hadde nypersisk dei kortevokalanea,i,u, og dei langeæ,i,u,e (opphavlegai) ogø (opphavlegau). I moderne persisk blir opphavlega uttala som open e (eller æ),æ som norsk å, oge ogø som i og u. Til dømes heitte det førEran, noIran og førkõh ogrõz, nokuh ogruz. Dennefonetiske endringa er, i tillegg til den innverknadenarabisk har hatt på språkbruk og ordforråd nesten den einaste utviklinga nypersisk har gjennomgått dei seinaste 900 åra.
Persiskeverb kan uttrykkjetempus ogaspekt og blir bøygde iperson ognumerus. Det finst ikkje noko grammatiskgenus.Suffiks er vanlegast, menprefiks førekjem òg. Verbet blir sett sist i setninga.
I formbygninga er persisk sterkt forenkla samanlikna med gammalpersisk. Allekasusa har forsvunne, men språket har bygd opp ein nypossessivpartikkel mellom det styrande og styrte (for eksempelbarâdar-e-pedar برادر پدر , 'bror-til–far') og ei objektform som er merkt medpostposisjonen-râ را (gammalpersiskrad, 'veg'), ofte med ordetmar مر framom, for eksempelmard-râ مردرا («åt mannen»).
Pluralendinga-ân har oppstått frå genitiv pluralis-ân og-âm foranimatar og-hâ forinanimatar (men i noverande daglegtale alltid-hâ), for eksempelmardân مردان ('menn'),gol-hâ گلها ('roser').Dualis har forsvunne.
Ingen bunden artikkel finst, men ein ubunden med endinga-e i for eksempelgole, alternativtyake gol, 'ei rose'.
Adjektivet er ubøyeleg, men blir foreint med det føregåandesubstantivet sitt gjennom ein possessivpartikkel-e-, for eksempelmardân-e-beh («dei gode mennene»). Komparasjon skjer gjennom endingane-tar og-tann, i for eksempelbehtar بهتر («betre»),bahtann («best»); av gammaliranskbeh, «det gode»).
Personlege pronomen blir possessivbøygd som nomen, til dømesman ('eg'),tu ('du'),pedar-e-man ('min far'),pedar-e-beh-e-tu-râ ('til din gode far'). På same måten som norsk skil persiske pronomen seg frå substantiva ved å ha kasus, og possessiv idativ-akkusativ blir uttrykt gjennomsuffiks, som ipedar-am ('min far'),burd-at ('han bar deg'). Detrelative pronomenetke ('som') er ubøyeleg.
Finitte verbformer blir danna dels avpresensstammen:imperativbar ('bera'), ogsåpresens:mibar-am ('eg ber'),futurum,bibar-am ('eg skal bera'),bar-ân ('berande'); dels av perfektstammen:burd-am ('eg bar'),burd ('han bar'),burda ('boren'),burd-an('å bera'). Fleire andre tempus, til dømespassiv, blir danna medhjelpeverb, som iburde-am ('eg har bore'),burd(e)-ast ('han har bore'), og dette blir lagt til grunn for danningar somburdast-am ('eg har bore');burdâ büd-am ('eg hadde bore'),burda savam ('eg blir boren').
Possessiv kan uttrykkast med innskot av-e- (døme: hønseeggtoxm-e-morɣ eigentleg 'egg—av ei—høne').
Farsi skrive med arabiske bokstavar iNimmatnama-i Nasiruddin-Shahi ('Oppskriftsboka') frå slutten av 1400-talet.
Etter atPersia vart erobra avarabarane (650) følgde igjen ein mesta litteraturlaus periode på over 200 år. Dette varer fram til nypersisk (skrive med arabiske bokstavar) frå og med 800-talet framtrer med omtrent samegrammatiske formbygnaden som han har i våre dagar.
Dei flesteparsiske skriftene blei øydelagde etter den muslimske erobringa av Persarriket, menparsarane som flykta tilIndia tok med seg nokre av dei viktigaste bøkene, blant deiAvestaen og kommentarbokaZend.