Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Pergamon

Koordinatar:39°7′N27°11′E / 39.117°N 27.183°E /39.117; 27.183
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

39°7′N27°11′E / 39.117°N 27.183°E /39.117; 27.183

Ruinane av det rekonstruerte tempelet til Trajan i Pergamon
Leivningane av teateret i Pergamon

Pergamon (gresk Πέργαμον eller Πέργαμος), ellerPergamum, var eingresk oldtidsby i landskapetMysia vedBergama ved kysten iAnatolia (Vesleasia) i dagensTyrkia, i dag lokalisert rundt 26 km fråEgearhavet på ei høgd på nordsida av elva Kaïkos (dagensBakırçay). Byen vart hovudstaden for kongedømet Pergamon under denhellenistiske perioden underAttaliddynastiet, 281–133 fvt. Pergamon vart sitert iJohannes' openberring iDet nye testamentet som ei av dei sju kyrkjene iAsia. I dag er hovudsetet for Pergamon i antikken nord og vest for dagens moderne byBergama.

Under hellenismen og Attalide-dynastiet voks til eit viktigkongerike. KongenAttalos III gav i133 fvt. kongeriket tilDen romerske republikken. Dette førte til ein kortvarig borgarkrig som resulterte i at kongeriket vart delt mellom Roma,Pontus ogKappadokia.

Pergamon hadde det nest største biblioteket i den antikke verda, etterAlexandria iEgypt. Dåptolemearane innstilte eksporten avpapyrus, oppfann pergamonarane eit nytt material,pergament, laga av kalveskinn. Seinare vart dette utvikla til pergamentpapir.Tyskearkeologar gjorde utgravingar i Pergamon frå1800-talet, og ei rekkje kunstverk er utstilt iPergamonmuseum iBerlin.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Kongeriket tilAttaliddynastiet oppstod i kjølvatnet av at kongedømetThrakia fall saman. Attalidane, etterkomarane av Attalos, far avPhiletairos som kom til makta i 281 fvt. etter at Trakia kollapsa, var blant dei meste lojale tilhengarane avDen romerske republikkenen iden hellenistiske verda underAttalos I (241-197 fvt.), allierte dei seg med Roma motFilip V av Makedonia underførste ogandre makedonske krigen, og på nytt underEumenes II (197-158 f.Kr) motPerseus av Makedonia undertredje makedonske krig. For støtta si motSelevkidedynastiet i Syria vart attalidane løna med dei tidlegare områda tilSelevkideriket i Anatolia.

Attalidane styrte med klokskap og sjenerøsitet. Mange dokument som har vorte verna viser der dei støtta framvoksteren av byar i sine område ved å sende dugelege handverkarar og ettergje skattar. Dei lét dei greske byane i sine område oppretthalde nominell sjølvstende. Dei sende gåver til greske kulturelle stader somDelfi,Delos, ogAthen. De sigra over invaderandekeltisktalande folkeslag. Dei ombygde akropolisen i Pergamon etter modell avAkropolis i Athen. DåAttalos III (138-133 fvt.) døydde utan arving i 133 fvt. lét han heile Pergamon testamenterast til Roma for å unngå borgarkrig.

I samsvar med den kristne tradisjonen vart den første biskopen av Pergamon,Antipas, martyr her ein gong rundt 92 evt.[1]

Denosmanske sultanenMurad III røva to store urner ialabast fråruinane i Pergamon og plasserte dei på begge sider avmidtskipet iHagia Sophia iIstanbul.[2]

Liste over herskarar

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Nettbibelen:Johannes’ openberring 2:13
  2. E.J. Brill's first encyclopaedia of Islam, 1913-1936,‎ s. 526

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Pergamon
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Pergamon&oldid=3516654»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp