Dagens Pennsylvania var opphavleg folkesett avlenapefolk,susquehannock,irokesarar,eriez,shawnee og andreurfolk.[1] Begge breiddene avDelaware-elva blei gjort krav på somkoloniland både avnederlandarar ogenglskmenn.[2][3][4] Også Sverige gjorde krav på delar av området somNya Sverige.[5][6] I 1664 skjenkte kongKarl II av England store område tilJames, hertugen av York (seinare Jakob II).[7] I løpet av året tok britane kontroll over Nye Nederland, sjølv om dei nederlandske innbyggjarane fortsette å ha stor innverknad på området.[8][9]
28. februar 1681 gav Karl II eitcharter på landet tilkvekarenWilliam Penn for å betals tilbake eit lån til far hans, admiral William Penn.[10][11] Penn kjøpte også landområdet vest for Delaware-elva av hertugen av York. Kongen kalla området «Pennsylvania» ('Penn-skoglandet') til ære for Penn. William Penn, som først hadde kalla området New Wales og deretter Sylvania, ønskte ikkje oppkallinga, men kongen insisterte.[12] Penn skipa eit styre med to nyskapingar som blei viktige forden nye verda: Lokalstyre (county commission) ogreligiøs fridom.[13]
Frå 1754 til 1763 blei området råka avDen franske og indianske krigen og det påfølgjandePontiacopprøret (Pontiac's War).[14] 12. desember 1787 blei Pennsylvania den andre delstaten til å ratifiseraden amerikanske grunnloven, fem dagar etter den første delstaten,Delaware.[15]