Peloponnes dekkjer eit areal på 21549km² og utgjer den sørlege delen av det greske fastlandet. Teknisk sett er Peloponnes ei øy sidanKorintkanalen sidan 1893 har skild halvøya frå resten av fastlandet. Ho er forbunde til fastlandet to stader, vedKorinteidet og viaRío-Andírio-brua (som stod ferdig i 2004).
Halvøya er fjellkledd i indre områda og har ein taggete kyst.Taýjetos er det høgaste punktet. På Peloponnes finn ein vidare fire halvøyar som peiker sørover,Messinía,Mánihalvøya,Kapp Maléa ogArgolída lengst nordaust.
To øygrupper ligg utanfor kysten av Peloponnes:Dei saroniske øyane i aust ogDei joniske øyane i vest. ØyaKýthira, sør for Peloponnes, vert rekna som ein del av Dei joniske øyane.
Halvøya har vore busett sidanførhistorisk tid. Det moderne namnet kjem frågresk mytologi, særleg frå segna om heltenPelops, som skal ha erobra heile området. NamnetPeloponnesos tyder «Øya til Pelops». Imellomalderen vart halvøya kallaMorea. Dette kjem visstnok av atkrossfararar fann ho tett planta medmorbærtre (gresk:moreai) som den blømandesilkeindustrien nytta seg av.
Peloponnes vart så ein del avAustromarriket (men delar av ho kom underslavisk styre mellom 618 og 805) fram tilDet fjerde krosstoget i 1204 dåvenetianarane ogfrankarane tok over. Frankarane grunnlagFyrstedømet Achaea på den nordlege halvdelen i 1205, medan venetianarane okkuiperte fleire hamner på kysten somMonemvasiá,Pýlos ogKoróni, som dei heldt fram til 1400-talet. Austromarane fekk kontroll igjen over dei søraustlege delane av halvøya rundt festningsverka vedMystrás nær Spárti. Frå her oppstod den greskeDespotatet Morea frå midten av 1200-talet til midten av 1400-talet]dåosmanarane erobra halvøya mellom 1458 og 1460. Venetianarane okkuperte halvøya mellom 1685 og 1718 etter at dei sigra iden moreanske krigen (1684-1699), men tyrkarane fekk igjen kontroll i 1715. Gjennom 1700-talet stod osmanarane sterkt på halvøya og og berre opprørara påMánihalvøya, den sørlegaste delen av Peloponnes, og bandane tilkleftarane gjorde sporadisk forsøk på opprør. Russarane framkallaOrlovopprøret i 1770 som midlertid truga det osmanske styret, men det vart raskt og brutalt slått ned på.
Peloponnesarane spelte ei viktig rolle iden greske sjølvstendekrigen. Krigen byrja faktisk på Peloponnes då opprørarar tok kontroll overKalamáta 23. mars 1821. Det avgjerandeslaget ved Navarino vart utkjempa utanfor Pýlos på vestkysten Peloponnes og byenNávplio på austkysten vart sete for det første sjølvstendige, greske parlamentet.
På 1800- og 1900-talet vart regionen ei relativ fattig bakevje og ein stor del av folkesetnaden emigrerte til større byar i Hellas, særleg tilAten, og andre land somUSA ogAustralia. Ho vart hardt råka avden andre verdskrigen og den påfølgjandegreske borgarkrigen og nokre av dei verste tilfella av hjarteløyse i Hellas fann stad her. Levestandarden har sidan den gong auka kraftig, særleg etter at landet vart medlem avEU i 1981. Landsbygda på Peloponnes er kjend for å vere den mest tradisjonelle ogkonservative regionen i Hellas og ein stad der partietNy Demokrati på høgresida står sterkt. Dei større urbane områda, somKalamáta og særlegPátra er bastionar for sentrum og venstresida representert vedPASOK.
Seint i august 2007 vart store delar av Peloponnes råka av skogbrannar, som førte til øydeleggingar i tallause landsbyar, skogar og meir enn 60 dødsfall. Innverknaden av brannane på miljøet og økonomien i regionen er enno ikkje kjend. Det ein derimot veit så langt er at desse brannane er dei største skogbrannane ieuropeisk historie og den største miljøkatastrofen iHellas nokon gong.