Peki'in | |||
פְּקִיעִין, البقيعة, Peqi'in | |||
kommune | |||
Namneopphav: Den vesle dalen (mellom fjella)[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 32°58′27″N35°19′53″E / 32.97417°N 35.33139°E /32.97417; 35.33139 | ||
Areal | 3,6 km² | ||
Folketal | 5 200 (2013) | ||
Folketettleik | 1 444 / km² | ||
![]() Peki'in 32°58′37″N35°20′04″E / 32.9769°N 35.3344°E /32.9769; 35.3344 | |||
Wikimedia Commons: Peki'in |
Peki'in (òg skrivePeqi'in,hebraisk פְּקִיעִין ellerBuqei'a,arabisk البقيعة) er eindrusar-by oglokal kommune iDet nordlege distriktet iIsrael. Han ligg 8 km aust forMa'alot-Tarshiha i ØvreGalilea. I 2013 var folketalet 5 200.[2]
I følgjeTalmud gøymde rabbienShimon bar Yochai og sonen hansElazar ben Shimon seg i ei grotte for romarane her i 13 år etterBar Kochba-opprøret mot det romerske styret. I følgje soga levde Shimon og sonen av kjeldevatn og frukt frå eit mirakuløstjohannesbrødtre i åra dei gøymde seg, og brukte tida på å lese Toraen.[3]
Peki'in er ofte nemnt i historiske kjelder som eit jødisk samfunn som heldt til her sidan tida kringDet andre tempelet.[4]
I 1596 stod Peki'in oppført iosmanske skattelister som ein del avAkkanahiya iSafadliwa. Han hadde eit folketal på 77 muslimske hushaldningar og sju muslimske ungkarar, og 79 jødiske hushaldningar. Han betalte skattar av eit spesialprodukt (kalla dulab harir), enkelte inntekter, geiter og/eller bikubar, ei presse for oliven eller druer ogjizya.[5]
Den franske oppdagarenVictor Guérin vitja landsbyen og skildra han slik: «Folketalet er 600—drusarar, grekarar,skismatiske grekarar, og nokre få jødiske familiar, som meiner dei avstammar frå dei gamle innbyggjarane i landet. Kvar sommar kjem hundrevis av jødar her fråTiberias for å sleppe unna den verste varmen. Dei fleste av desse jødane kjem opphavleg frå Europa, og er lukkeleg for å ha funne dei siste innfødde jødane frå eldgamle tider. Ved Bukeiah dyrkar dei takka vere to kjelder frå åssida deilige hagar. Her veks det frukttre i av alle slag i terrasane som er heldt oppe av murar som truleg er eldgamle, frukter som sitronar, appelsinar,granateple,fiken,kvedeeple ogmorbærtre. Vindruene trivs særs godt, noko ein kan sjå på dein enorme stammene. Grekarane har ei lita kyrkje, som eg fann stengd. Dei skimastiske grekarane har òg ei kyrkj som har erstatta ei langt eldre kristen heilagdom. Berre nokre få utskorne steinar og ei søyle finst att av den gamle kyrkja. Jødane bed i ei synagoge av nyare dato.»[6]
I 1881 skildraPalestine Exploration Fund iSurvey of Western Palestine staden som «Ein god landsby, bygd av stein, med eit kapell og ei synagoge. Her bur kring 100 muslimar, 100 kristne, 100 drusarar og 100 jødar. Han i ei lita åsside, med hagar, fiken, oliven, granateple og dyrkbar mark.
Det ligg ei god kjelde i landsby, og to andre kjelder ligg i nærleiken. Dette er den einaste staden der jødane dyrkar jorda. Dei seier ho har gått i arv frå forfedrane deira attende i uminnelege tider.»[7]
I ei folketeljing i 1922 utført avDei britiske mandatstyresmaktene, hadde Al Buqai'a eit folketal på 652; 70 muslimar, 63 jødar, 215 kristne og 304 drusarar,[8] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 190 busette hus og ein total folkesetnad på 799 med 71 muslimar, 52 jødar, 264 kristne og 412 drusarar.[9]
I 1936 tvangarabararopprøra jødane i Peki'in til å forlate heimane sine for tryggare staer i landet. Berre få av dei vendte attende.[4]
I 1945 var folketalet 990, alle arabarar, som eigde 10 276dekar, medan jødane eigde 189 dekar, og 3 731 var i offentleg eige, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 598 for plantasjar og irrigert land, 3 424 for korn,[11] medan 40 dekar vart klassifisert som utbygde område.[12]
I juli 2006 vart Peki'in råka av einKatyusha-rakett avfyrt avHizbollah, og førte til store skadar på hus og hagar.[13]
I oktober 2007 braut det ut opprør etter at det vart sett opp ei stor antenne som førte til uro sidan slike antenner hadde blitt knytt til aukakreftfare. Opprørspoliti avfyrte kuler og gassgranatar, som hissa innbyggjarane ytterlegare opp. Demonstrantane brende då ned huset til ein jødisk familie i landsbyen.[14] I desember 2007 drog den siste jødiske familien frå byen, etter at bilen deira vart sett i brann.[15] Berre Margalit Zinati, ein etterkomar etter einMustarabim-famile, har blitt verande att for å halde i live minnet om den jødiske arva i landsbyen.[4]