Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Peepshow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peepshow
Studioalbum avSiouxsie and the Banshees
Utgjeve5. september 1988
InnspeltJanuar til juni 1988
StudioMarcus i London
Sjanger
Lengd42:41
Selskap
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
Through the Looking Glass
(1987)
PeepshowBoomerang
The Creatures
(1989)
Siouxsie Sioux-kronologi
Through the Looking Glass
Siouxsie and the Banshees
(1987)
Peepshow
Singlar fråPeepshow
  1. «Peek-a-Boo»
    Utgjeve: 18. juli 1988
  2. «The Killing Jar»
    Utgjeve: 19. september 1988
  3. «The Last Beat of My Heart»
    Utgjeve: 21. november 1988

Peepshow er det niandestudioalbumet til det engelskerockebandetSiouxsie and the Banshees, gjeve ut i september 1988 påPolydor. Det var den første plata deira som ein kvintett etter at multi-instrumentalistenMartin McCarrick og gitaristenJon Klein var komne inn i gruppa. Gruppa var inspirert av mykje forskjellig då dei spelte inn dette varierte albumet. Både albumet og singlane «Peek-a-Boo» og «The Last Beat of My Heart» seld godt, og albumet nådde 68. plassen påBillboard 200-lista i USA i starten av desember 1988.[1] Det låg i alt 20 veker inne på denne lista.[2]

Peepshow vart møtt med god omtale, og særskild vart det nemnt den uføreseielege orkestreringa og dei nye nyansane i røysta tilSiouxsie. Albumet vart sidan ommastra og gjeve ut med bonusspor i oktober 2014.[3] I desember 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.

Samantha Bennett skreiv ei bok omPeepshow i 2018, som ein del av serien33 1/3.[4]

Musikk

[endre |endre wikiteksten]

Parke Puterbaugh skildra «Peek-a-Boo» som ein «lydcollage med baklengs perkusjonsspor» medan røysta hoppar frå kanal til kanal. «The Killing Jar» opnar med «ein liten dæsj reggae» før musikken går over i ein transeliknande bordun alaBrian Eno. «Scarecrow» har ei «arabisk kjensle» og den første sida oppnår eit klimaks i «Burn-Up», med cello og trommer «som simulerer momentumet til eit tog».[5]

Mottaking

[endre |endre wikiteksten]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[6]
Q5/5 stars[7]
Spinsærs positiv[8]
Record Mirror4.5/5 stars[9]
Stereo Reviewsærs positiv[5]

Peepshow fekk mykje god kritikk.Q gav albumet fem av fem stjerner og skreiv: «Peepshow finn stad på eit forvrengd tanketivoli der rare og fantastiske former opptrer.» Mark Cooper hylla «Trekkspelet til Martin McCarrick som kakkar seg inn i 'Peek A Boo' [...] eit underfundig stykke musikalsk fantasi». Han skreiv at «resten av plata er sprekkferdig med liknande fantasihandlingar. All ære til McCarrick for alle dei smarte dekorasjonane og trommeslagaren Budgie for stadig nyskapande rytmar som klarar å setje spaninga som finst i kvar song på spissen utan å nokon gong gli over i ein opplagd rytme».[7]Melody Maker hylla den første singelen, «Peek-a-Boo», og kalla han «den mest forbløffande britiske plata» i 1988, og «ei uventa blanding av svart stål og popforstyrringar.»[10] Magasinet hylla òg bandet for balladen «The Last Beat of My Heart». Chris Roberts sa: «Det uendelege høgdepunktet er det einaste sporet dei skreiv i lag, bravurhymnen 'The Last Beat of My Heart'. Med trekkspelet til Martin McCarrick og den direkte intelligente rytmen til Budgie dannar grunnlaget for patosen i songen, er denne sørgesjongen omsett av Sioux stor saligheit. Det er den mest vågale melodien til The Banshees på ei stund.»[11]Record Mirror likte òg særs godt denne songen då dei skreiv om albumet: «Høgdepunket er den tilbakehaldne 'The Last Beat of My Heart', der røysta til Siouxsie utforskar nye marker medan ho kjærteiknar ein stemningsskapande melodi.» Skribenten Kevin Murphy konkluderte med å sei: «Peepshow er full av sjølvtillit og den beste stunda til The Banshees.»[9]NME merka seg ei stilmessig endring: «Peepshow er det beste Banshees-albumet sidanA Kiss in the Dreamhouse fordi dei valde å vere eit popband i staden for eit rockeband.».[12]

Bloc Party hylla seinare «Peek-a-Boo», og songaren deiraKele Okereke sa: «Det høyrdest ikkje ut som noko anna på denne jorda. Det er berre in popsong, men for meg høyrdest det ut som den nyaste, men mest futuristiske stykke gitarpopmusikk eg nokon gong har høyrt.»[13]DeVotchKa spelte seinare «The Last Beat of My Heart» etter forslag fråArcade Fire-songarenWin Butler.[14]The Decemberists omtalte òg «The Last Beat of My Heart» som ein av dei favorittsongane deira av Siouxsie and the Banshees.[15]

Innhald

[endre |endre wikiteksten]

All musikk komponert av Siouxsie and the Banshees

Side ein
Nr.TittelTekstLengd
1.«Peek-a-Boo»Siouxsie Sioux3:12
2.«The Killing Jar»Steven Severin4:04
3.«Scarecrow»Severin5:06
4.«Carousel»Sioux4:26
5.«Burn-Up»Sioux4:32
Side to
Nr.TittelTekstLengd
6.«Ornaments of Gold»Sioux3:50
7.«Turn to Stone»Severin4:05
8.«Rawhead and Bloodybones»Sioux2:29
9.«The Last Beat of My Heart»Severin/Sioux4:30
10.«Rhapsody»Severin6:23
Bonusspor på 2014-utgåva
Nr.TittelTekstLengd
11.«El Dia De Los Muertos» (Espiritu Mix)Sioux5:36
12.«The Killing Jar» (Lepidopteristic Mix) 8:06
13.«The Last Beat of My Heart» (Live Seattle Lollapalooza 1991) 5:32

Medverkande

[endre |endre wikiteksten]
Andre medverkande

Salslister

[endre |endre wikiteksten]

Album

ÅrListePlassering
1988UK Albums Chart20
USBillboard 20068
Tyskland Top[16]64

Singlar

ÅrSingelListePlassering
1988«Peek-a-Boo»UK Singles Chart16
«Peek-a-Boo»USHot Dance Club Play14
«Peek-a-Boo»USModern Rock Tracks1
«Peek-a-Boo»US Hot 10053
«The Killing Jar»US Modern Rock Tracks2
«The Killing Jar»UK Singles Chart41
«The Killing Jar»US Hot Dance Club Play37
«The Last Beat of My Heart»UK Singles Chart44

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Billboard 200 -week 3. desember 1988».Billboard.com. Henta 27. august 2020. 
  2. «Siouxsie and the Banshees - Chart History Billboard 200»,Billboard.com 
  3. «Siouxsie and the Banshees relaunch archival campaign, new reissues due out in October». Consequenceofsound. 22. august 2014. Henta 1. september 2014. 
  4. «Samantha Bennett -Peepshow Siouxsie and the Banshees». Bloomsbury. Henta 27. august 2020. 
  5. 12Puterbaugh, Parke (January 1989). «Best of the Month: Siouxsie and the BansheesPeepshow».Stereo Review54: 101. 
  6. Ned Raggett.«Peepshow – Siouxsie and the Banshees».AllMusic. Henta 27. august 2020. 
  7. 12Cooper, Mark.Peepshow review.Q magazine. September 1988.
  8. Fletcher, Tony. «Peepshow» review.Spin magazine. November 1988. Page 92-93.
  9. 12Murphy, Kevin.Peepshow review.Record Mirror. 10. september 1988
  10. Mathur, Paul. «Born Again Savages».Melody Maker. 9. juli 1988.
  11. Roberts, Chris. «Psalm Enchanted Evenings» [Peepshow review].Melody Maker. 10. september 1988.
  12. Shelley, Jim. «Ornament of Gold».NME. 24. september 1988.
  13. O'Kane, Josh (18. september 2008).«Talking Bloc during Harvest Jazz - Bloc Party frontman Kele Okereke talks life, love, music and Ultimate Fighting.».[Here] New Brunswick. Arkivert fråoriginalen 8. juli 2011. Henta 17. mars 2012. 
  14. Frenette, Brad.«DeVotchKa finds joy in the sadness – interview»Arkivert 22. januar 2014 vedArchive.is.Nationalpost.com. 7. mars 2011. Henta 20. januar 2014.
  15. Meloy, Colin.Decemberists interview.Pitchfork.com. 15. september 2006. «The Last Beat of My Heart» : «It's one of my favorite Siouxsie and the Banshees songs».
  16. «Tyskland Top». Swedishcharts.com. Henta 17. august 2020
Studioalbum
Konsertalbum
Samlealbum
EP-ar
Videoar/DVD-ar
Singlar
Andre songar
«Tattoo»
Tilknytte artiklar
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Peepshow&oldid=3458434»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp