Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Pave Gregor den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gregor den store

Føddca.540
Roma
Død12. mars604
Roma
Vald3. september590
Innsett3. september590
Festdag:3. september
Føregangar:Pelagius II
Etterfylgjar:Sabinian

Gregor I den store (kring54012. mars604) var pave frå 3. september 590 til han døydde i 604.[1] Han er òg kjend somGregorius Dialogus ('dialogmakaren') iDen ortodokse kyrkja etter skrifteneDialogar, som han skreiv i form av ein samtale mellom to personar.[2] Han var den fyrste paven medklosterbakgrunn, og har status somkyrkjelærar innanDen katolske kyrkja. Saman medLeo I (og nokre gongarNikolas I) er Gregor dei einaste pavane med tilnamnet «den store» (Magno,Magnus,il Grande). Han bleiheilagkåra like etter at han døydde, og ervernehelgen for bergverk, murarar, knappestøyparar, lærde, lærarar, elevar, studentar, det kyrkjelegeskuleverket, songarar og musikarar, kor- og koralsong, og dessutan motgikt ogpest.

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]

Gregor kom frå den gamle romerskeadelsfamiliengens Anicia, og var i familie med dei tidlegare pavaneFelix II ogAgapetus. Faren varsenator, og ein svært rikpatrisiar med eit storslått byhus på Celiohøgda iRoma og store eigedommar påSicilia. Gregor fekk den beste utdanninga som var å oppdriva, sannsynlegvis inkluderte denne juridiske studiar. I åra 572 til 574 fekk han administrativ erfaring sompraefectus urbis, byprefekt, i Roma, utnemnd avkeisarJustinus II. Då faren døydde i 573, arva han eigedommane på Sicilia.

Gregor var som resten av familien sin ein djupt religiøs person i ei tid prega av undergangstemning og frykt forlangobardiskokkupasjon,svolt ogpest. Roma var prega av forfall og forlatne palass. I 575 trekte Gregor seg frå alle politiske verv, selde alt han eigde og gav pengane til dei fattige. På eigedommane han hadde arva på Sicilia grunnla han nye kloster, og barndomsheimen på Celiohøgda blei gjort om til eit kloster vigd den heilage Andreas. Her slo han seg til med 12 andre munkar, og levde eit så asketisk liv at han resten av livet hadde helseproblem. Dei siste åra av livet sitt kunne han knapt gå og var sengeliggjande i lange periodar. Trass det strenge klosterlivet sa han seinare at dette var den lykkelegaste tida i livet hans.

Pave Benedikt I kalla Gregor til å tena seg, og etterfølgjaren,pave Pelagius II sende han somambassadør tilkeisaren iKonstantinopel i 579. Her kom den fromme Gregor tett inn på maktpolitikk oghoffintrigar, medan han sjølv levde eit enkelt klosterliv og vigde seg tilbøn ogteologiske studiar.

I 585/586 fekk han venda tilbake til Roma og klosteret sitt, men heldt i fram med å arbeida nært med paven som rådgjevar.

Pavevalet

[endre |endre wikiteksten]

Som så mange andre i Roma på denne tida, døydde pave Pelagius II av pest. Like etter dødsdagen 7. februar 590 blei 50 år gamle Gregor med ein sjeldan einstemmigheit vald til ny pave. Han ønskte ikkje dette sjølv, og skreiv mellom anna til keisarMaurikios og bad om at han ikkje skulle gje det keisarlege samtykket sitt til valet. Keisaren gjekk likevel med på valet.

Gregor var meir opptatt av klosterlivet sitt og av å kunna hjelpa byen. ElvaTiber overfløymde i perioden deler av Roma, og dette skapte grunnlag for pest med stadige høge dødstal. Gregor talte om anger og omvending blant befolkninga i byen, og leidde botsprosesjonar med bøn og song. Eilegende om Gregor seier at han leidde folket over Tiberbrua, der dei fekk sjåerkeengelen Mikael stå over keisarHadrian sitt mausoleum og stikka flammesverdet sitt i skjeden som eit teikn på at pesta var over.

Etter denne episoden er Hadrian sitt mausoleum blitt kallaCastel Sant'Angelo, eller Engelborg. Men sjølv om valet av Gregor var godkjent av keisaren, freista Gregor framleis å sleppa unna. Legenda fortel at han fyrst gøymde seg i eivintønne og seinare i eigrotte for å unngå å bli pave, men staden blei heile tida peikt ut ved eit himmelsk lys. Ei skinnande kvitdue flaug framfor dei som leita etter rømlingen og viste dei vegen til gøymestaden hans.

Som den fyrste munken på pavestolen blei han 3. september590 konsekrert til den 64. biskopen av Roma.

Gregor som pave

[endre |endre wikiteksten]
Måleri avFrancisco de Zurbarán frå 1626/1627 av Gregor den store.

Gregor var i den fyrste tida ulykkeleg over å ha det tunge ansvaret som pave i staden for den stille kontemplasjonen og bøna han hadde opplevd i klosterlivet. Han ønskte ikkje tittelenUniversalis papa, som pavane til då var blitt omtalte med, men kalla seg sjølv i stadenServus Servorum Dei ('tenaren for Guds tenarar'), ein tittel alle pavar etter han har brukt.

I Gregors pavetid var ideen om verdas ende sterkt til stades, og den teologiske tenkinga utvikla seg på denne bakgrunnen. Mellom anna førestilte ein seg at reinsinga av sjelen ipurgatoriet kunne byrjast i dette livet gjennom gode gjerningar og eit godt kristent liv. Dette gav dei kristne eit meir positivt og optimistisk syn på si eiga framtid. Ein må rekna med at Gregor var sentral i denne teologiske utviklinga, særleg på bakgrunn av at han òg blir tillagd å ha innførtsjelemessa.

Gregor blir òg tillagd å ha definertdei sju dødssyndeneattrå,hovmod,vreide,misunning,griskheit,latskap ogfråtsing.

Til trass for Gregor sin beskjedenheit og audmjuke, eller kanskje på grunn av dette, skulle det visa seg at han var ein sterk og sikker pave som gjennom virket sitt la grunnlaget for den sterke stillinga kyrkja kom til å få utover imellomalderen. Det kan tenkast at tida som byprefekt og lærdommane frå hoffet i Kontantinopel kom godt med, for Gregor utmerkte seg som ein svært dyktig administrator, økonom,diplomat ogteolog. Han fekk rydda opp i dei dårlege finansane til kyrkja, mellom anna ved å omorganisera dei kyrkjelege eigedommane i Italia, som hadde vore vanskjøtta og liggande brakke. Gregor sørgde òg heile tida for utviklinga av fattigpleia og ei sosial omsorg som snart skulle visa seg å ligga langt framfor si tid.

Gregor sitt virke som pave medførte at pavestolen fekk stadig større tillit og tiltru, på kostnad av den bystantiske keisaren i Kontantinopel. Utover i pavetida til Gregor blei det stadig tydelegare at pavedømmet var den reelle herskaren av Italia, og ikkje ein fjern keisar. Den overordna målsetjinga til Gregor var fred medlangobardane, og at dei konverterte til den kristne trua.

Det var derfor med stor glede han var til stades ved dåpen til den langobardiske tronarvingen Adaloald, og Gregor støtta dronningaTheodelinda. Ho var den katolske dottera til hertugen avBayern, og medverka til at folket hennar blei omvendt til kristendommen.

Til motsats frå føregangarane sine var Gregor òg aktiv med omsyn til den verdslege styringa av Italia, og arbeidet gjennom til dels detaljert lovgjeving og ved lokale representantar. På det kyrkjelege området gav han avgjerder om valet til biskopane og åtferd, tvinga gjennomsølibat for geistlege, og avsette kriminelle prelatar. Han korresponderte medbiskopar og kyrkjelege representantar, slik at pavestolen fekk ei sterkare rolla innan kyrkja. Han kom i konflikt med keisar Maurikios fordi dei hadde kryssande politiske interesser, men Gregor klarte å oppnå støtte og underkasting frå fleire biskopar.

Men det var overforangelsaksarane ogDei britiske øyane at Gregor viste seg som ein aktiv misjonær. Det blir sagt at Gregor sjølv ville reisa som misjonær før han vart pave, men den romerske befolkninga ville ikkje gje slepp på han, slik at den dåverande paven kalla han tilbake. Som pave samarbeidde Gregor medÆthelbert av Kent, som lét seg døypa etter å ha gifta seg med Berthe, den kristne dottera tilmerovingarkongenKaribert I. Gregor sendeAugustin dit i 597, som blei den fyrsteerkebiskopen av Canterbury. Gregor instruerte Augustin om å ta omsyn til den nasjonale eigenarte og fara forsiktig fram, ved til dømes å vigsla dei heidenske templa om til kyrkjer i staden for å øydelegga dei.

I 595 gjenoppretta Gregor det pavelege vikariatet iArles.

Gregor retta òg ein aktiv utanrikspolitikk motNord-Afrika,Spania ogFrankarriket. Særleg mot den maktsjuka og brutale frankiske dronninga Brynhilda viste Gregor dei diplomatiske evnene sine. Forholdet til den bysantiske keisaren var heile tida anstrengt, sjølv om Gregor måtte anerkjenna overhøgda til keisaren over pavedømmet. Men Gregor klarte å hindra at paven, som biskop i Roma, vart underlagtpatriarken i Konstantinopel, noko som ville ha passa keisaren betre.

Som pave heldt Gregor fram med å leva som munk. Kvar dag tok han fattigepilegrimar med til den enkle middagen sin, og i motsetnad til andre herskarar på den tida var han vernaren tiljødane og sørga slik for at det framleis var ei kyrkjeleg oppgåve å garantera rettane deira.

Liturgiske reformer

[endre |endre wikiteksten]

Gregor klargjordeliturgien og fastla bruken av deibibelske skriftene i messa for ettertida. Slik blir han rekna som den største liturgen, då kyrkja framleis bruker delar av tilordninga hans av messene, og fleire avpreikene hans er tatt opp itidebønene.

Han er særleg kjend for korleis han integrerte musikken i liturgien. Sjølv om han ikkje kan gjevast all æra for utviklinga av kyrkjemusikken hargregoriansk song namn etter han. Gregor la grunnlaget for denne, og var sjølv ein stor musikkelskar.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Pave Gregor den store
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Pave_Gregor_den_store&oldid=3453991»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp