Paulus’ fyrste brev til korintarane, også kallafyrste korintarbrev, er eit av breva som ber apostelenPaulus’ namn, og er i denkanoniske rekkefølgja den sjuande boka iDet nye testamentet. Brevet blir rekna til de breva som med sikkerheit kan seiast å vere skrive av Paulus. I norske bibeltilvisingar etterbibelselskapet sin standard blir namnet forkorta«1Kor».
Brevet er skrive som eit svar på eit brev korintarane har skrive til Paulus.[1] Paulus har òg skrive eit tidlegare brev til korintarane,[2] dette brevet er gått tapt. Brevet står dermed som ein del av ei brevveksling mellom Paulus og kyrkjelyden iKorint. Utanom brevvekslinga har Paulus også fått munnlege rapportar frå medlemmer av kyrkjelyden i Korint.[3][4] Nyheitene frå Korint er på mange måtar lite oppløftande, kyrkjelyden er delt og full av strid. Brevet formanar derfor om eining og samhald. 1Kor 1,10 blir av mange sett på som hovudtesen i brevet:Eg formanar dykk, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vere einige. La det ikkje vere splitting blant dykk, men stå saman i syn og tanke.(NT05)
Eit anna særpreg for innhaldet er de mange «Når det gjeld» (peri de) avsnitta, der Paulus svarer på ulike problemstillingar. Tema som offerkjøtt, ekteskapet og nådegåvene vert diskutert i desse avsnitta. Nokre forskarar peiker her på ein mogleg samanheng mellom desse avsnitta og brevet Paulus mottok frå Korint.
Ein av de mest siterte delane av Bibelen er 1Kor 13. I Bibelselskapets omsetting av 1978 har det fått overskrifta «Kjærleikens veg », det er også kjent som «Kjærleikens evangelium». Det er her Paulus framheld at ingen nådegåver eller offer har verdi eller betydning om de ikkje er av kjærleik. Det er svært poetisk språk, og her frå stammar kjente sitat som «Kjærleiken utheld alt, trur alt, håpar alt, toler alt» (v.7) og «Så vert dei ståande desse tre: Tru, håp og kjærleik. Men størst av dei er kjærleiken» (v.13).