Kagame voks opp i eksil iUganda, etter at familien måtte flykta frå Rwanda på grunn av hutuopprøret i 1959. Tidleg på 1980-talet byrja Kagame sin militære karriere iYoweri Museveni sin opprørshærNational Resistance Army (NRM), og tok del i det som vart kalla «Ugandas bush-krig» frå 1981 til 1985. I 1986 vart Kagame sjef for etterretningstenesta i NRM, og vart sett på som ein av nærmaste allierte til Museveni.[2]
Saman med andre eksiltutsiar danna KagameFront Patriotique Rwandais (FRP) i 1987. Organisasjonen hadde som mål å taka over makta i Rwanda med militære middel, og medan Kagame i 1990 tok del i militærtrening iFort Leavenworth iKansas, invaderte RPF-soldatar Rwanda for å styrta hutu-presidentJuvénal Habyarimana. Dåverande leiar for RPF,Fred Gisa Rwigyema, vart drepen under det som var byrjinga påborgarkrigen i Rwanda, og Kagame tok dinest over som leiar for RPF. Invasjonen auka dei etniske spenningane i Rwanda, og den 6. april 1994 vart flyet til president Habyarimana skote ned av to rakettar då det skulle gå inn for landing i Kigali. Det er omdiskutert kven som sto bak nedskytinga, men den politiske leiinga i Rwanda hevda at det var RPF og Kagame som sto bak åtaket.[2]
Folkemordet hadde vore planlagt av medlemer i den hutudominerte regjeringshæren og ekstremistiske hutu-militsar i fleire år, og ein meiner at mellom 800 000 og éin million tutsiar og politisk moderate hutuar vart drepne under borgarkrigen.[2]
Den 7. april, dagen etter at folkemordet byrja, gjennomførte RPF og Kagame åtak frå tre frontar nord i Rwanda. Etter attryggingsrådet i SN stemte for å trekkja ut 90 prosent av styrkane den 21. april, sto Kagame nærmast åleine igjen med ein styrke på mellom 10 000 og 14 000 soldatar som kjempa mot regjeringshæren. Ved blant anna å nytta langtrekkandeartilleri mot stillingane til regjeringsstyrkane, lykkast Kagame å minimalisera tapa og gjenerobra hovudstaden Kigali den 4. juli. Litt tid etter, den 17. juli erklærte RPF at krigen var over, og oppretta ei mellombels regjering i Kigali.[2]
Etter folkemordet vart det inngått ei semje som gjorde Kagame til visepresident og forsvarsminister, medan hutuenPasteur Bizimungu vart president. Kagame hausta lovord for sin krigsinnsats og for å ha stansa folkemordet, men vart au klandra for å ha åtaka uvæpna sivile og hemna hutuar til daude. Som leiar for hæren vart Kagame av heldt ansvarleg for Rwanda si innblanding i Kongo-krigane i 1996–2003, der ein meiner 200 000 hutuar vart drepne.[2]
Etter klander frå Kagame om blant annakorrupsjon, gjekk Bizimungu av som president i 2000. I april same år vart Kagame teke i eid som den fyrste tutsi-presidenten i landet. Den 25. august i 2003 vann han det fyrste nasjonale valet sidan folkemordet i 1994 med meir enn 90 prosent av røystene. Kagame vart attvalt som president i 2010 og 2017, og fekk au ved desse vala meir enn 90 prosent. I 2015 vart grunnloven endra etter føreslag frå nasjonalforsamlinga, såleis at Kagame kunne sitja som president til 2034.[2]
Etter ein årleg økonomisk vekst på rundt sju prosent vart Kagame snøgt ein favoritt hjå vestlege politikarar og bistandsorganisasjonar. I tillegg iverksette han ei rekkje reformer i det som var eit av dei fattigaste landa i verda før folkemordet. Blant anna har han innført ei enkel sjuketrygd, kjempa for rettane til kvinner, arbeidet for nasjonal forsoning mellomhutuar og tutsiar og prioritert satsing påinformasjonsteknologi og utdanning.[2]
Kagame har likevel au vorte sterkt klandra frå organisasjonar somAmnesty International ogHuman Right Watch for brot på menneskerettane igjennom diktatorisk styring. Uavhengige observatørar har blant anna rapportert om drap på politiske motstandarar, vald motjournalistar ogvalfusk.[2]