Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Pátmos

Koordinatar:37°19′N26°30′E / 37.317°N 26.500°E /37.317; 26.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråPatmos)
Pátmos
Lokalt namn Πάτμος
Skála på Pátmos
Skála på Pátmos
Geografi
StadEgearhavet
Koordinatar37°19′N26°30′E / 37.317°N 26.500°E /37.317; 26.500
ØygruppeDodekanesane

Areal34,6 km²

Høgaste punktProfitis Ilias (269moh.)

Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnadPátmos (612 innb.)

Demografi
Folketal3 283 (2021[1])
Folketettleik94,9 /km²

Pátmos (gresk Πάτμος) er ei øy iHellas og den nordlegaste øya iDodekanesane iEgearhavet. Ho har om lag 3 000 innbyggjarar og eit areal på 34,6 km². Det høgaste punktet er Profítis Ilías på 269 moh.

Pátmos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til underperiferieiningaKálymnos iperiferienDei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.

Dei største landsbyane på øya er Khóra eller Pátmos (hovudbyen) og Skála, den einaste kommersielle hamna. Andre landsbyar er Gríkos og Kámbos. Aust for Pátmos ligg øygruppeneArkí, som høyrer til Pátmos kommune, ogLipsí, som er eigen kommune.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Pátmos 3 283 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 612 innbyggjarar.[1]

Pátmos er mest kjend for å vere nemnd iJohannes' openberring, og forfattarenapostelen Johannes var i eksil på Pátmos då han skreiv boka. På grunn av dette har Pátmos vore ein kristenpilegrimstad. Pilegrimar og turistar kan sjå grotta der Johannes fekk openberringa si. Fleire kloster på øya er tileigna Johannes.

Sommaren 2006 vart det historiske sentrumet på øya (Khóra) med St. Johannes-klosteret og openberringsgrotta ein del avUNESCO siverdsarv.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Øya vart styrt av tyrkarane i mange år. Pátmos vart erobra av italienarane i 1912 underden tyrkisk-italienske krigen. I 1915 vart Pátmos framleis under italiensk kontroll. Pátmos vart avstått til Hellas etterden andre verdskrigen.

Pátmos er i dag ein turistattraksjon på grunn av dei naturskjønne omgivnadane og dei religiøse heilagdomane.

Byar og tettstader

[endre |endre wikiteksten]

Byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Skála1 7471 804
Kámbos633687
Pátmos (Khóra)541612
Grígos77132
Arkí4438

Småøyar i kommunen:

  • Arkí (38)
  • Maráthi (10)
  • Aváptistos (0)
  • Ajía Thékla (0)
  • Ájos Jeórjos (0)
  • Agreloússa (0)
  • Anýdro (0)
  • Kalóvolos (0)
  • Kómaros (0)
  • Kendronísi (0)
  • Makronísi (0)
  • Nerá (0)
  • Petrokáravo (0)
  • Skláves (0)
  • Syneronísi (0)
  • Spathathonísi (0)
  • Strongyló (0)
  • Tragonísi (0)
  • Tsoúka (0)
  • Tsoukáki (0)
  • Khiliomódi (0)
  • Psathonísi (0)

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,2Folketeljing 2021
  2. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert fråoriginalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  3. Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelde

[endre |endre wikiteksten]


Periferieininga Ándros
Periferieininga Tínos
Periferieininga Mýkonos
Periferieininga Sýros
Periferieininga Kéa-Kýthnos
Periferieininga Mílos
Periferieininga Páros
Periferieininga Náxos
Periferieininga Thíra
Periferieininga Kálymnos
Periferieininga Kos
Periferieininga Kárpathos-Kásos
Periferieininga Ródos
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Pátmos&oldid=3547198»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp