Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Partito Democratico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partito Democratico

LandItalia
Partileiar(ar)Matteo Orfini
GrunnleggjararWalter Veltroni
Grunnlagt14. oktober 2007
HovudkvarterRoma
Medlemstal376 849(2014)
Ideologisosialdemokrati, kristne venstre, proeuropeisk,reformisme, kristelig sosialisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre

Partito Democratico (PD) (Demokratisk Parti) er eititaliensk sentrum-venstreparti.

Partiet sin leiar erWalter Veltroni, visestatsminister og kulturminister i perioden19961998 og leiar forDemocratici di Sinistra frå1998 til2001, og borgermeister iRoma sidan2001.

Partiet blei grunnlagt den14. oktober2007 som ei samanslåing av forskjellige parti til venstre og sentrum som hadde vore ein del av valalliansenL'Unione. Partia som gjekk inn i det nye partiet var:

I det siste tiåret har det vore pågåande forsøk på å danne nye alliansar, og å etablere nye parti som alliansar av gamle parti. Sidan venstresida ikkje har vore stor nok til å regjere aleine, har den også måtta trekkje med seg progressive delar av sentrum. Ein tilsvarande prosess har funne stad på høgresida. Sentralt for å forstå denne prosessen er endringane ivalsystemet i1993 med overgang fråforholdstalsval til eit system som hovudsakleg var basert påfleirtalsval, men med visse proporsjonale element. Normalt har ein trudd at dette burde føre til eittopartisystem (jfr.Duvergers lov), men i Italia har dei i staden fått ei utvikling mot valalliansar.

Sigeren ved parlamentsvalet i 2006 bidrog positivt til ein fortgang i arbeidet for eit meir einskapleg sentrum-venstre-parti. Den19. april2007 heldt Democratici di Sinistra sin siste partikongess, etter at omtrent 75 % av partiet sine medlemer hadde støtta danninga avPartito Democratico. Ein venstreopposisjon valde ikkje å bli ein del av det nye partiet. Dette førte til danninga avSinistra Democratica.

Danninga av det nye partiet har ikkje skjedd utan vanskar. Eit spørsmål som det har vore strid om, er kva for eiteuropeisk parti det nye partiet skal ha tilknyting til. Her har skiljelinene følgt dei gamle partia, med personar fra Democratici di Sinistra som ønskjer at partiet skal slutte seg tilDet europeiske sosialdemokratiske partiet, mens dei frå Democrazia è Libertà - La Margherita ønskjer å slutte seg tilDet europeiske demokratiske partiet.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Partito_Democratico&oldid=3500007»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp