Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Parma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parma
by
Piazza Garibaldi i Parma
Våpenskjold
Land Italia
RegionEmilia-Romagna
ProvinsParma
Areal260,6 km²
Folketal 196 764  (1. januar 2023)
Postnummer43100
Retningsnummer0521
Kart
Parma
44°48′05″N10°19′41″E / 44.801472222222°N 10.328°E /44.801472222222; 10.328
Wikimedia Commons: Parma

Parma er ein by iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Parma iregionenEmilia-Romagna og har om lag 180 000 innbyggjarar. Byen er kjend for arkitekturen og den flotte landsbygda rundt.Universitetet i Parma ligg i byen, eit av dei eldste universiteta i Italia.

Parma er delt inn i to delar av den litle elva med same namn. Den italienske diktarenAttilio Bertolucci (fødd i ei grend like utanfor) skreiv: «Som hovudstadsby måtte han ha ei elv. Som ein liten hovudstad fekk han ei lita elv, som ofte er tørr.»

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Byen vart truleg grunnlagd avetruskarar.Romarane grunnla ein koloni her i183 fvt. i lag medModena. Parma var eit trafikknutepunkt vedVia Aemilia og Via Claudia. Han hadde eit forum, som i dag er den sentrale Garibaldi-plassen. I44 fvt. vart byen øydelagd og August bygde han opp att. UnderRomarriket fekk han tittelenJulia for lojaliteten han viste til keisaren.

Byen vart plyndra avAttila og seinare gjeve av barbararkongenOdoacer til venene sine. Underden gotiske krigen øydela derimotTotila byen. Han vart så ein del av detaustromerskeeksarkatet Ravenna og endra namn tilChrysopolis, «Gullbyen», truleg sidan skatten til hæren låg her. Frå 569 kom han underlangobardane. I mellomalderen var Parma ein viktig stad langsVia Francigena, hovudvegen frå Roma til Nord-Europa, og fleire borger, hospital og gjestgjevarstad vart bygd for å ta imot dei mangepilegrimane.

Piazza della Pace med Farnese-familien sitt Palazzo della Pilotta.

Underfrankarane vart Parma hovudstad i eit grevskap (774). Som dei fleste byane i Nord-Italia var han formelt ein del avDet tysk-romerske riket, oppretta avKarl den store, men lokalt vart han styrt av biskopane og den første av desse var Guidobus. I dei påfølgjande kampane mellomKyrkjestaten og Keisarriket heldt Parma seg stort sett på keisaren si side. To av biskopane i byen vartmotpavar: Càdalo, som grunnla domkyrkja vartHonorius II, og Guibert vartClement III. Ein nesten sjølvstendig kommune vart oppretta rundt 1140. Etterfreden i Konstanz (1183) vart stridane med nabokommunaneReggio Emilia,Piacenza ogCremona hardare og målet var kontroll over handelsruta iPodalen.

Byen var ein del av striden mellomWelf ogGhibellini. Etter å ha stått på keisaren si side i lang tid, fekk papistfamilane i byen kontroll i 1248. Byen vart så omleira av keisarFredrik II, som vart knust islaget som følgde.

Parma kom inn underMilano i 1341. Etter ein kort periode med sjølvstende under Terzi-familien (1404-1409) tokSforza over styret (1440-1449) gjennom dei tilknytte familianePallavicino,Rossi, Sanvitale og Da Correggio. Desse oppretta ein slags nyføydalisme og bygde tårn og borger i byen og landområda rundt. Desse lena utvikla seg til sjølvstendige statar. Landa styrte den øvreTarodalen frå 1257 til 1682. Lensherrevelde Pallavicino strekte seg utover den austlege delen av dagens provinsen Parma med hovudstad iBusseto. Parma var eit unntak i Nord-Italia sidan den føydale inndelinga heldt fram til nyare tid. Til dømes var Solignano eigedomen til Pallavicino-familien fram til 1805 ogSan Secondo høyrte til familienRossi langt ut på 1800-talet.

Parma på 1400-talet.

Mellom 1300- og 1400-talet var Parma senteret i dei italienske krigane.Slaget ved Fornovo vart utkjempa i nærleiken.Franskmennene okkuperte byen 1500-1521 og i korte stunder under paven i 1512-1515. Etter at utlendingane var kasta ut høyrte Parma til Kyrkjestaten fram til1545.

Dette året gav pavePaul III, Parma ogPiacenza som eit hertugdøme til den uekte sonen sinPier Luigi Farnese, og etterkomarane hans styrte byen fram til1731, dåAntonio Farnese (1679-1731), den siste mannlege arvingen i Farnese-linja døydde. Staten vart så tatt avOttavio II Farnese (1547-1586). Han renoverte òg bystrukturen for å skape ein verkeleg hovudstad i det litle, men velståande, riket sitt.

I 1731 vart det kombinerteHertugdømet Parma ogPiacenza gjeve tilHuset Bourbon i ei diplomatisk omflytting av dei europeiske dynastia i Italia. Under dei nye herskarane vart det ei nedgangstid i byen. I 1734 vart alle dei flotte kunstsamlingane i hertugpalassa i Parma,Colorno ogSala Baganza, flytta tilNapoli.

Parma var under fransk påverknad etterfreden i Aachen (1748). Parma vart ein moderne stat med den energiske handlingskrafta til statsministerGuillaume du Tillot. Han la grunnlaget for ein moderne industri og kjempa mot kyrkja sine privilegium. Byen opplevde ein stordomsperiode og det palatinske biblioteket, det arkeologiske museet, biletgalleri og den botaniske hagen vart oppretta.

Undernapoleonskrigane (1802-1814) vart Parma ein del av ddet franske departementetTaro.

EtterWienerkongressen i 1814-15 hadde framgangen tilRisorgimento liten påverknad i det rolege hertugdømet. I1847, etterMarie Louise av Parma døydde, gjekk byen igjen tilbake tilBourbon. Den siste i familien vart knivdrepen i byen, som vart overlaten til enka, Luisa Maria av Berry.15. september1859 vart dynastiet avsett og Parma vart ein del av den nyoppretta provinsen Emilia underCarlo Farini. Etter ei folkeavstemming i1860 vart det tidlegare hertugdømet ein del av Kongedømet Italia.

I tida etter følgde ei nedgangstid og ein samfunnskrise i Parma. Det byrja å gå oppover att for byen då industrien vart utvikla då dei fekk samband til Piacenza ogBologna i1859, og tilFornovo ogSuzzara i1883.Fagforeininga stod sterkt i byen og frå1. mai til 6. juni 1908 var detstreik. Kampen motfascismen nådde eit dramatisk punkt i august 1922, då regimeoffiserenItalo Balbo prøvde å gå inn i eit populær bydel. Innbyggjarane organiserte seg iArditi del Popolo («Folkets overfallsmenn») og pressa tilbake squadristien. Denne episoden vert rekna som det første dømet på motstandsrørsle i Italia.

Iden andre verdskrigen var Parma eit sterkt senter for motstandsrørsla. Området rundt togstasjonen vart bombardert av dei allierte våren1944, men Parma fekk ikkje særleg store øydeleggingar under krigen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Parma
Reiseguide forParma frå Wikivoyage
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Parma&oldid=3454133»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp