Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Paramore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om bandet. For albumet med same namn, sjåAlbumet Paramore.
Denne artikkelen kan ha godt av einspråkvask. Sjekk at språket følgjer gjeldande nynorsk rettskriving og grammatikk og har ein konsekvent språkstil. Når dette er gjort, kan du fjerna merket.
Paramore

OpphavFranklin iTennessee iUSA
Aktiv2004–
SjangerAlternativ rock[1][2][3]
Pop punk[4]
Power pop[5][6]
PlateselskapFueled by Ramen
MedlemmerHayley Williams
Jeremy Davis
Taylor York
[7]

Paramore er eit amerikansk band som vart danna iFranklin iTennessee i 2004 avHayley Williams (vokal,keyboard) og Jeremy Davis (bassgitar). Gruppa gav ut sitt første album,All We Know Is Falling, i 2005, og det andre albumet sitt,Riot!, i 2007, som selde til platina iUSA og gull iEngland ogIrland. Det tredje albumet deira,Brand New Eyes, kom ut i 2009. I 2013 kom detsjølvtitulerte albumet deira ut. Det vart nr. 1 påBillboard-listene iUSA,Storbritannia,Irland,Australia,New Zealand,Brasil,Argentina ogMexico.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

2002–2005: Skiping ogAll We Know Is Falling

[endre |endre wikiteksten]

I 2002 flyttaHayley Williams frå heimstaden sin iMississippi tilFranklin i Tennessee som 14-åring. Der møtte ho brørne Josh og Zac Farro då ho gjekk på ein privatskule.[8][9] Kort tid etter byrja ho ta songtimar hjå Brett Manning.[10] Medan dei danna Paramore, var Williams og Jeremy Davis også i eitfunk-coverband som heitteThe Factory, medan Farro-brørne øvde saman etter skulen.[8][11] Dei andre medlemane av det som snart kom til å verte Paramore, var skeptiske til å ha Williams som vokalist. Dei var veldig gode vener, og problema løyste seg då Williams byrja å skrive songar for bandet.[12] Bandet vart offisielt danna av Josh Farro (gitar), Zac Farro (trommer), Jeremy Davis (bassgitar) og Hayley Williams (vokal) i 2004,[13] med ein seinare medlem som var grannen til Williams,[8] Jason Bynum (rytmegitar). Dei kalla seg Paramore, etter jentenamnet hjå mora til ein av dei tidlegare bassistane.[14] Då bandet fann ut kvaparamour tydde ('løynleg elskar'), bestemte dei seg for å ta i bruk namnet, men stava detParamore.[12] Den første songen bandet skreiv saman var «Conspiracy», som seinare vart brukt pådebutalbumet deira,All We Know Is Falling.

I dei neste åra opptredde dei på spelestader utanforNashville-området, mellom anna på festivalar som Purple Door og påWarped Tour. John Janick – ein av grunnleggjarane av plateselskapetFueled by Ramen – fekk tak i nokre av demoane til Paramore og fór til ei Taste of Chaos-framsyning iOrlando, Florida for å sjå bandet opptre. Etter ei mindre privat framsyning på eit varehus, vart bandet signert til plateselskapet april 2005.[15]

Paramore påWinter Go West Tour i 2006.

Paramore reiste attende til Orlando og spelte inn debutalbumet deiraAll We Know Is Falling, men rett etter at dei kom tilbake, valde Davis å forlate gruppa av personlege grunnar. Dei medlemane som var att heldt fram med albumet, medan dei skreiv «All We Know» om avgangen hans. Seinare tok dei valet om å haAll We Know Is Falling som eitkonseptalbum. Albumcoveret gjenspeglar også sorga Paramore hadde over å miste ein medlem. Williams forklarer «sofaen (på coveret påAll We Know Is Falling) som ingen sit på, og skuggen som går bort er Jeremy som skal til å forlate oss, og vi føler at det er eit tomrom att.»[15] Innspelinga avAll We Know Is Falling tok berre tre veker. Før dei skulle på turné, la dei til John Hembree (bassgitar) for å avløyse Davis.[16] Etter førespurnad frå bandet, vende Davis attende etter fem månader, og avløyste dermed Hembree.[17]All We Know Is Falling vart gitt ut 24. juli 2005 og vart #30 på Billboard's Heatseekers Chart. «Pressure» var den første singel Paramore gav ut, med ein video laga av Shane Drake. I juli vart «Emergency» gitt ut som den andre singelen. Regissøren var igjen Shane Drake. Hunter Lamb avløyste også Bynum på gitar.[9] Den tredje singelen «All We Know», vart gitt ut med avgrensa sendetid. Videoen bestod av ei samling av live-framsyninga og backstage-klipp.

2007–2008:Riot! og andre prosjekt

[endre |endre wikiteksten]

Paramore byrja å spele inn det andre studioalbumet,Riot!, i januar 2007 og slutta produksjonen i mars, utan Hunter Lamb på gitar. Utan Lamb vart Josh Farro nøydd til å spele begge gitarstemmene på albumet.[18] Sidan då har Lamb vorte erstatta med gitarist Taylor York, som tidlegare hadde vore i eit band med Farro-brørne før dei to møtte Williams,[8] som ein mellombels medlem på turné. Paramore spelte innRiot! iNew Jersey saman med produsent David Bendeth. Dei gav ut albumet 12. juni 2007.Riot! vart rangert på Billboard 200 som nummer 20, på UK-listene som nummer 24 og selde 44,000 eksemplar berre den første veka i USA. Namnet «riot» vart valt fordi det tyder «eit plutseleg utbrot av ukontrollerte kjensler», og det var eit ord som «oppsummerte alt». Singelane og musikkvideoen på albumet heiter «Misery Business», «Hallelujah», «Crushcrushcrush» og «That's What You Get». Før innspelinga av musikkvideoen til «That's What You Get» i februar 2008 kunngjorde dei at dei hadde avlyst seks konsertar av personlege grunnar. På nettstaden til bandet skreiv Williams at «pausen vil gi bandet ein sjanse til å kome seg vekk og løyse sine personlege problem.» MTV.com rapporterte at Paramore-tilhengjarar spekulerte om framtida til bandet. Dei rapporterte også om trøbbel som hadde byrja tidlegare same månad, då Josh Farro gav uttrykk for sinnet sitt for fokuset i media på Williams.[19][treng kjelde]

Songen «Decode» er hovudsingelen for den roman-baserte filmenTwilight. Den andre songen dei har laga for lydsporet heiter «I Caught Myself».[20] Bandet byrja å spele inn videoen til «Decode» den 13. oktober 2008. «Decode» vart gitt ut 1. oktober 2008 på den offisielle Paramore-fanklubben ogStephenie Meyer si heimeside.[21] Videoen hadde premiere 3. november.

25. november 2008 gav Paramore utkonsertalbumet,The Final Riot!. Albumet inneheldt ein bonus-DVD med ein heilkonsert fråChicago, og ein eksklusivdokumentar bak scena.[22][treng kjelde]

2009–2010:Brand New Eyes

[endre |endre wikiteksten]
Williams i 2009.

I januar 2009, snakka Josh med musikkmagasinetKerrang! om det tredje albumet deira: «Vi skal prøve å spele det inn iNashville. Eg trur at å skrive songane der kjem til å inspirere oss, og om vi speler det inn der, so kan vi sove i våre eigne senger, i staden for på hotell, som vi gjer 300 dagar resten av året. Vi er ikkje sikre på kven som skal produsere albumet enno. Rob Cavallo produserte 'Decode' med oss, noko som var ei god røynsle, men vi ser oss rundt og vil ikkje ta noka avgjerd før vi har nokre songar og veit kva vi ser etter. Vi elskar korleis vi høyrest ut live og vil ha ein produsent som klarer å oppfatte det».[23]

21. januar 2009 vart det kjent at Paramore skulle vere gjest saman medThe SoundsNo Doubt sin sommarturné. Den starta i mai 2009 og skulle haldast på amfiteateret og arenaer rundt om iUSA ogCanada.

Sidan mars 2009, byrja Paramore å skrive songar til det tredje studioalbumet sitt, kallaBrand New Eyes. 23. mars 2009, drog dei til eit studio i Hidden Hills,California for å spele det inn. Produsenten var Rob Cavallo. (Kjend for ikkje berre å produsere songen deira «Decode», men også album for band og artistar somGreen Day,Avril Lavigne,Less Than Jake ogMy Chemical Romance.) 28. april 2009 meldeMTV at det tredje albumet deira var ferdig spelt inn, og kom til å verte gitt ut i 29. september 2009. «Ignorance» vart gitt ut 7. juli som den førsten singelen fråBrand New Eyes.

2011–2012:Singles Club

[endre |endre wikiteksten]

I eit intervju med MTV den 10. januar 2011, sa Hayley Williams at sjølv om bandet hadde mista to av medlemane, skulle dei kome med ny musikk i 2011, sjølv om dei ikkje hadde stadfesta om det ville verte eit heilt album for utgivinga, eller berre eit lite tal songar.

2013–notid:Paramore

[endre |endre wikiteksten]
Paramore på2013 Soundwave Festival.

Den første singelen frå albumet, «Now», kom ut på nett den 22. januar 2013. Den andre singelen, «Still Into You» vart gitt ut den 14. mars 2013.

Musikalsk stil og innverknadar

[endre |endre wikiteksten]
Williams er kjend for å ha stor karisma.

Alternative Press og andre meldarar har sagt at framsyninga til bandet har hjelpt dei med å verte eit meir kjent band.Alternative Press sa også at Williams «har meir karisma enn songarar som er dobbelt så gamle som ho, og at bandet hennar ikkje er så langt i frå, dei heller».[24] SongarenJohn Mayer roste røysta til Williams i ein blogg i oktober 2007, der han kalla ho «det store oransje vonet».[25] På grunn av det kvinnelege aspektet til bandet, har Paramore vorte samanlikna medKelly Clarkson ogAvril Lavigne, som ein annan meldar sa var «smerteleg ugrunna».[26][27] Meldar Jonathan Bradley har sagt at «Paramore angrip musikken sin med smittande entusiasme». Han sa også at «det er ikkje stor forskjell mellomRiot! og nokre av dei betre songane til Kelly Clarkson og Avril Lavigne».[28] Endå ein meldar fråNME sa også at Paramore høyrdest ut som «No Doubt (utan allska-en)» og «Kelly Clarksons villaste draumar».[29] Williams har kommentert at bandet ikkje berre er «eit band fronta av ei jente» men eit band som lagar «musikk for folk som liker musikk, ikkje slik at folk kan snakke om seksualiteten min».[30]

Paramore har utrykt at dei set pris på band somBlink-182, Jimmy Eat World, Chicago, Sunny Day Real Estate,[31]Death Cab for Cutie,Fall Out Boy og Failure. Williams har også sagt atRobert Smith fråThe Cure ogEtta James er hennar personlege påverknader. Ho har også sagt at band somU2, «som er massive, gjer kva dei vil, skriv kva dei vil og som står for noko», Jimmy Eat World, «som trur dei aldri skuffar fansen sin», og No Doubt, «som har gjort fantastiske ting» er som ein stige dei gjerne vil følgje i løpet av karrieren sin.[31]

Bandmedlemane i Paramore er alle kristne, og i eit intervju medBBC sa Josh Farro at «trua vår er veldig viktig for oss. Ho påverkar musikken vår tydeleg, fordi om nokon trur på noko, kjem verdssynet deira til å påverke alt dei gjer. Men vi er ikkje her for å preike til folk, vi er her fordi vi elskar musikk.»[32]

Medlemar

[endre |endre wikiteksten]
Rolle i bandetÅr
2002–20042004–2005200520052005–20072007 - nåtid
Vokal, keyboardHayley Williams
Hovedgitar, bakgrunnsvokalJosh Farro
BassgitarJeremy DavisJohn HembreeJeremy Davis
TrommerZac Farro
Rytmegitar Jason BynumHunter LambTaylor York
  • Hayley Nichole Williams (fødd 27. desember 1988 i Meridian iMississippi) er vokalist i bandet.
  • Joshua Neil Farro (fødd 29. september 1987 i Voorhees iNew Jersey) er hovudgitarist i Paramore og den eldre broren til Zac Farro. Han er ofte sett med en svart Fender Telecaster Deluxe.
  • Zachary Wayne Farro (fødd 4. juni 1990 i Voorhees iNew Jersey) er den yngste medlemen i bandet.
  • Jeremy Clayton Davis (fødd 8. februar 1985 i North Little Rock iArkansas) er bassist og eldstemann i bandet.
  • Taylor Benjamin York (fødd 17. desember 1989 iNashville iTennessee) er rytmegitarist i bandet.

Diskografi

[endre |endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre |endre wikiteksten]

EP-ar

[endre |endre wikiteksten]

DVD-ar

[endre |endre wikiteksten]

I videospel

[endre |endre wikiteksten]

Mange av Paramore sine songar har vore med i videospel. «Pressure» var med på konsollversjonen avThe Sims 2. Andre spel erGuitar Hero On Tour: Decades,Saints Row 2 ogEA Sports NHL 08.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Elan, Priya.«Paramore: RIOT!».NME. Henta 9. desember 2007. 
  2. «Familiar With Emo, Intimate With Upbeat».New York Times. 30. november 2007. Henta 5. januar 2008. 
  3. Eliscu, Jenny (6. mars 2008).«Q&A: Paramore's Hayley Williams».Rolling Stone. Arkivert fråoriginalen 20. juni 2008. Henta 5. juni 2008. 
  4. Brown, August (8. mai 2009).«Paramore gambles on raw emotions». latimes.com. Henta 12. mai 2009. 
  5. «Paramore Bio».MTV.com. 
  6. Riot review Rhapsody.com
  7. http://www.paramore.net/about
  8. 8,08,18,28,3Bayer, Jonah (2008), «Born for This»,Alternative Press, no. 235 
  9. 9,09,1«Biography». All Music. Henta 16. august 2007. 
  10. Hayley Williams (17. oktober 2007).Youth Gone Wild. Interview with David Walter. Arkivert fråoriginalen 18. oktober 2007. Henta 14. oktober 2007. 
  11. Hayley Williams; Josh Farro (26. juni 2007).ASL's Exclusive Interview With Paramore. Interview with Joshua Martin. Arkivert fråoriginalen 19. oktober 2007. Henta 12. oktober 2007. 
  12. 12,012,1Josh Farro; Hayley Williams; Jeremy Davis (14. juli 2007).Interview With Paramore. Interview with cathyreay. Henta 17. august 2007. 
  13. «History». paramore.net. 
  14. Paramore,Hello My Name is Paramore (Website), paramore.net, henta 14. desember 2007 
  15. 15,015,1Hayley Williams; Josh Farro (8. august 2005).Interview: Hayley Williams and Josh Farro of Paramore. Interview with Tony Pascarella. Arkivert fråoriginalen 13. februar 2007. Henta 16. august 2007. 
  16. Hayley Williams (14. juli 2005).Paramore Interview. Interview with Jason Schleweis. Arkivert fråoriginalen 1. november 2007. Henta 12. oktober 2007. 
  17. Paramore Kerrang! Article,Kerrang!, 5. november 2006, henta 13. oktober 2007 
  18. Josh Farro (1. mai 2007).Paramore: They’re Looking for a Riot!. Interview with Stephanie Keller. Arkivert fråoriginalen 20. desember 2007. Henta 13. oktober 2007. 
  19. «Paramore Cancel European Tour, Say They Need Time Off To Deal With 'A Lot Of Internal Issues'». 
  20. http://www.mtv.com/movies/news/articles/1596357/20081006/story.jhtml?rsspartner=rssYahooNewscrawler
  21. «Paramore's 'Twilight' Song 'Decode' Premieres On Stephenie Meyer's Web Site». 
  22. http://www.mtv.com/movies/news/articles/1596057/20081001/story.jhtml
  23. arkivkopi, arkivert fråoriginalen 25. januar 2009, henta 25. januar 2009 
  24. «Bamboozle Recap: Day 1». altpress.com. 6. mai 2007. Arkivert fråoriginalen 10. juni 2007. Henta 13. oktober 2007. 
  25. Mayer, John (27. oktober 2007).«Paramore». Arkivert fråoriginalen 24. februar 2008. Henta 1. november 2007. 
  26. Pascarella, Tony (20. juli 2007).«Music Review: Paramore, «All We Know Is Falling»». the-trades.com. Arkivert fråoriginalen 15. juni 2013. Henta 13. oktober 2007. 
  27. Drumm, Alex.«Paramore». emotionalpunk.com. Henta 13. oktober 2007. 
  28. Bradley, Jonathan (13. august 2007).«Paramore - Riot! - Review». stylusmagazine.com. Arkivert fråoriginalen 6. oktober 2012. Henta 13. oktober 2007. 
  29. «Review». nme.com. Henta 13. oktober 2007. 
  30. Hayley Williams; Josh Farro (25. mai 2007).Paramore. Interview with Julia Conny. Henta 13. oktober 2007. 
  31. 31,031,1«Paramore in prog shock rock?». manchestereveningnews.co.uk. Henta 13. oktober 2007. 
  32. Talking Shop: Paramore. (Interview). 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Paramore
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Paramore&oldid=3565193»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp