Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Panda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panda
Panda i Chiang Mai dyrehage
Panda iChiang Mai dyrehage
Utbreiing og status
Status i verda:VUSårbarUtbreiinga av Panda
Utbreiinga av Panda
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:PattedyrMammalia
Orden:RovpattedyrCarnivora
Familie:BjørnefamilienUrsidae
Slekt:Ailuropoda
Art:PandaA. melanoleuca
Vitskapleg namn
Ailuropoda melanoleuca

Panda (Ailuropoda melanoleuca) er einplanteetande art ibjørnefamilien, kjend for den særeigne utsjånaden sin og statusen som eintruga art og eit symbol pånaturvern. Pandaen lever berre vilt iKina, der han ertotalfreda og rekna som einnasjonalheilagdom. På kinesisk er pandaen kjend somdaxiongmao, 'stor bjørnekatt'. Det vitskaplege namnetAiluropoda melanoleuca betyrsvart og kvitt kattefotdyr og viser til deikatteliknande labbane til bjørnen.

Skildring

[endre |endre wikiteksten]
Pandaer iWolong-reservatet i Kina.

Bjørnen er kjenneteikna av det klart teikna svarte og kvite (eller brune og gulbrune) mønsteret i pelsen. Sjølve pelsen er tjukk og grov og består av eit ytre hårlag og ei tett og isolerande underull.

Ein vaksen panda kan bli rundt 150-180 cm lang med ei skulderhøgd på rundt 76 cm i gjennomsnitt.Dei veg om lag 80-125 kg, hannen veg normalt 10-20 % meir enn binna. Han har eit stort og massivt hovud og ein tettvaksen kraftig kropp, som ender opp i einhalestubb på ca. 12-13 cm. Øyra er avrunda og står opp, og er ca. 9-10 cm lange. Pandaen har kraftige kjevar og store tenner, dermolarane, som er 4-6 gonger større enn hos menneske, er spesielt godt utvikla for å gomla på planteføda til bjørnen.

Pandaen har også ein særs uvanleglabb, ein ekstra «tommel» i tillegg til dei fem tærne. Den tommelliknande utveksten er ein handleddsknokkel (sesamiodbeinet) som har utvikla seg til eit rørleg lem som gjer at pandaen lett kan handterabambus oglauv.

Dyret har ein diagonalgangart på linje med andre bjørnar, men er mindre grasiøs i rørslene. Når han går peiker tærne innover og hovudet blir halde under skulderhøyde. Pandabjørnen kan ikkje gå oppreist på bakbeina, slik andre bjørnar gjerne kan, sjølv om han ersolegjengar. Om han blir skremt vil han slå over i saktegalopp for å flykta, men springande pandaer vil ofte falla og rulla nedover dei bratte skråningane som finst i område der dei gjerne held til.

Åtferd

[endre |endre wikiteksten]
Panda kvilande i eit tre.

Pandabjørnen er dagaktiv og har ikkjevintersøvn, men trekk ned i lågare strøk nårvinteren nærmar seg. Han bygger ikkje eit fast hi, men finn ly i eit tre eller ei hole. Pandaen held normalt til på bakken, men er også ein god klatrar og grei symjar.Luktesansen er den viktigaste og best utvikla sansen til pandaen, og blir nytta til å finna mat og til å kommunisera med.

Kjempepanda lever som regel åleine utan direkte kontakt med andre bjørnar. På den andre sida overlappar ofterevira til pandaer kvarandre, slik at det er truleg at nabopandaer kjenner til kvarandre, om dei ikkje har fysisk kontakt. I fangenskap kan fleire pandaer leva tett saman på eit lite område, men vil normalt ikkje sosialisera gjennom fysisk kontakt. I staden sit dei kvar for seg og et bambusskot eller gjer noko anna. I paringstida kan pandaene halda saman i større gruppe, typisk ei binne og fleire hannar.

Habitat og utbreiing

[endre |endre wikiteksten]
Distribusjon iSentral-Kina

Pandabjørn held berre til i område der det veks tett bambusskog, i høgder mellom 1 200- .400 moh. Desse fjellskogane blir gjerne kallatåkeskog og ligg i det sentrale Kina, i delar av provinsaneSichuan,Gansu ogShaanxi, der dei dekker ei flatevidd på rundt 29 500 km². Sjølve habitatet der pandaen lever er derimot avgrensa til ca. 5 900 km² og er delt opp i omkring 20 isolerte soner. Avskoging, beiting og oppdyrking har gjort leveområda stadig mindre. Dei kinesiske styresmaktene har sett i gang fleire tiltak for å redda pandaen i det naturlege miljøet sitt.

I dag (2004) reknar ein med at det lever rundt 1 600[1] ville pandaer i Kina, omkring 40 % meir enn det ein tidlegare hadde rekna med. Dette blei avdekt av ei kinesisk fireårig studie.

Reproduksjon

[endre |endre wikiteksten]
Nyfødd panda ikuvøse.

Pandaen lever åleine i eit lauseleg revirsystem, der fleire hannar kan dekka reviret til ei binne. Binna har brunst ein gong årleg, i ein periode på 2-3 dagar mellom mars og mai. Ho gjev beskjed om dette ved å laga fleire lydar og gjennom sterke luktmarkeringar. To til fem hannar tevlar om å få para seg med binna, der hannen med den høgaste rangen når fram. For at det skal bli valpar må også hannen vera i brunst, noko som ikkje alltid er tilfellet. Dette er ein viktig grunn til den låge reproduksjonsraten til pandaene.

Binna gårdrektig i 97-181 dagar, med ei gjennomsnittleg tid på rundt 135 dagar. Pandabjørnar kan utsetja graviditeten (embryonisk diapause), normalt med ca. 1,5-4 månader. Binna føder som regel ein eller to ungar, men om ho får to vil ho ofte forlata ein av dei etter fødselen for betre å kunna ta seg av den andre.

Ungane veg normalt 85-140 gram ved fødselen og er blinde og hjelpelause dei første vekene, då dei gjerne diar opptil 14 gonger i døgnet. Eit måltid kan vara i opp mot ein halvtime. Ulikt andre nyfødde bjørneungar er pandaungane dekte av eit tynt pelslag. Auga opnar seg vanlegvis når dei er rundt tre veker gamle, og dei tek til å bevega seg rundt når dei er rundt 3-4 månader. Ungen blir gjerne avvant når han er rundt 46 veker, men forlet ikkje mora før han er rundt 18 månader gammal.

Kjempepandaer blir kjønnsmodne mellom 4- og 8-årsalderen. Dei kan bli opp mot 30 år gamle i fangenskap, men me veit lite om levealderen i vill tilstand.

Matvanar

[endre |endre wikiteksten]
Panda i dyrehagen i Wien.

Sjølv om han er eit rovdyr et pandaen hovudsaklegplantekost. Opptil 99 % av kosthaldet kan vera friskebambusskot, som det finst 25-30 artar av som pandaen kan eta. Han et ogsåknollar aviris ogkrokus, og ved nokre høve ogsåsopp, friske skot frå ulike slyngplantar,risgras,egg,insekt,pipehare,fisk ogsmågnagarar. Dette gjev eit verdifullt proteintilskot i eit ellers einsidig kosthald. I fangenskap et pandabjørnar ogsåfrukt. Alt i alt tek pandaen normalt til seg rundt 9-18 kg føde dagleg, og bruker gjerne 10-16 timar med å eta kvart døgn. Sidanfordøyingssystemet til pandaen framleis er det til eit rovdyr, blir 87-88 % av dette ufordøygd.

Det meste av væska panadaen treng får han i seg gjennom bambusskot, som i snitt inneheld rundt 50 % vatn, opp mot 90 % i nye skot. Pandaen treng også tilskot av reint vatn, og vil derfor søka mot elvar og bekkefar for å drikka når han treng det, som regel ein gong til dagen.

Evolusjon og systematikk

[endre |endre wikiteksten]
  • Familie:Ursidae (bjørnar)
    • Underfamilie:Ailurinae (pandabjørnar)
      • Slekt:Ailuropoda (kjempepandaer)
        • Art:Ailuropoda melanoleuca (kjempepanda)
          • Underart:Ailuropoda melanoleuca melanoleuca (sichuanpanda)
          • Underart:Ailuropoda melanoleuca qinlingensis (shaanxipanda)
    • Underfamilie:Ursinae (ekte bjørnar)
Sichuan-panda
Shaanxi-panda

Alle rovdyr stammar frå ei gruppe rovdyrliknande pattedyr me kallarmiacidar, som oppstod for rundt 48 millionar år sidan. Forskarar meiner at kjempepandaen kan ha oppstått for 18-22 millionar år sidan, som den eldste av våre nålevande bjørneartar, truleg frå einprimitiv pandabjørn kjent under det vitskaplege namnetAiluropoda microta.

Pandabjørnen høyrer til ein egen underfamilie ibjørnefamilien (Ursidae), som består avUrsinae, underfamilien til alle nålevande bjørneartar bortsett frå pandaen, ogAilurinae, derAiluropoda er einasteslekt og kjempepanda den einaste nålevandearten.

Kjempepanda har mange trekk til felles medraud panda: Same type habitat, eit liknande bambuskosthald bambus og den falske tommelen som gjer at dei kan eta bambus. Det var lenge strid om kor nært i slekt desse to pandatypane var, men dei nyasteDNA-studia viste at forfedrane deira skilte lag for lenge sidan, og at raud panda ikkje høyrer til bjørnefamilien medan kjempepanda gjer det. Den næraste nolevande slektningen til kjempepanda er den søramerikanskebrillebjørnen.

Det er skildra tounderartar av kjempepanda, med bakgrunn i forskjellar i kraniumstorleik, fargar og arvemateriale.

Sichuan-panda (Ailuropoda melanoleuca melanoleuca) er den best bevarte populasjonen av kjempepandaer, og kanskje den folk flest tenker på når ein snakkar om panda. Denne underarten er typisk skarpt svart og kvit i fargane. Han finst først og fremst iSichuan-provinsen og dei sørlege delane avGansu-provinsen.

Shaanxi-panda (Ailuropoda melanoleuca qinlingensis) lever avgrensa tilQinlingfjella iShaanxi-provinsen og finst i høgder mellom 1 300 og 3 000 moh. Denne typen er mørkebrun og lysebrun i fargane. Han er generelt mindre enn sichuanpandaen og har eit mindre kranium, men har størremolarar i kjeven.

Panda og menneske

[endre |endre wikiteksten]
Søt, «vinkande» panda iSan Diego Zoo.
Foto: Gregg O'Connell

Dei eldste nedteikningane om pandaen kjem frå fråZhou-dynastiet (1027-771 f.Kr.), der dyretpixiu blir skildra som «uovervinneleg og like sterk som eintiger». DiktsamlingaShijin frå om lag same tida har ei liknande skildring.

Pandabjørnen var seinare svært skatta i Kina. Keisarmora tilWen av Han blei gravlagd saman med ein pandaskalle. KeisarTaizong av Tang skal ha gjeve to pandar og eitpandaskinn til Japan som eit teikn på vennskap. I moderne tid harFolkerepublikken Kina nytta eit såkalla «panda-diplomati» for å mjuka opp sambandet til andre land. Kommuniststaten knytte kontakt internasjonalt gjennom å gje pandaer i gåve. Frå 1958 til 1982 blei 23 pandaer delte ut til ulike land. Størst omtale fekk eit pandapar somformann Mao overrektepresident Nixon då denne vitja Kina i1972, som den første USA-amerikanske presidenten. Etter 1984 blei pandaene ikkje lenger gjevne, men lånte ut i tiårsperiodar, med høge avgifter og krav om at dei ungane pandaene måtte føda skulle høyra til Kina. I 2005 tilbaud KinaTaiwan eit pandapar med namna Tuan-Tuan og Yuan-Yuan, som samla tyder 'sameining'. Gåva blei lenge avslått, og pandaene er framleis i Kina.[2]

Kjempepandaen er i dag ein svært utryddingstruga art. Han har sterk symbolverdi, og er nytta i logoen til naturvernsorganisasjonenWWF. Pandaen er einmegafauna-art som har utsjånaden med seg, der dei store augeflekkane og den avrunda, godslege kroppsforma gjeven av den tjukke pelsen gjer han til eit søtt og elska dyr. Samstundes blir pandaen sett på som svært lite trugande der han sit og gomlar bambus. At pandaen også jakter litt, og kan gå til åtak på menneske om han kjenner seg truga, er mindre kjent.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Flere kjempepandaer funnet i Kina (Forskning.no)Arkivert 2006-06-04 vedWayback Machine.,Big jump in giant panda numbers revealed (NewScientist.com)
  2. china.org.cn:Panda couple's happy life at new home

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Panda
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Panda&oldid=3543380»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp