Pamflett er eit lite hefte eller ei bok som ikkje er innbunden. Det kan ofte ha eitpolemisk innhald, til dømes politisk eller religiøst, eller vera retta mot ein person (nidskrift). Liknande omgrep erbrosjyre ogflygeblad.
Ein pamflett kan vera laga av eit enkelt stykke papir som er blitt trykt på begge sider og bretta fleire gonger.IUNESCO sin definisjon har ein pamflett minst 5 sider og maksimalt 48 sider, utan innbindingssider.[1]
Ordet «pamflett» er avleidd fråengelskpamphlet i tydinga eit lite skrift uten omslag.[2] Det kom inn imellomengelsk ein gong rundt 1387 sompamphilet ellerpanflet. Dette kom fråPamphilus, seu de Amore ('Pamphilus: eller, om kjærleiken'), eit kortlatinsk, elegisk-komisk kjærleiksdikt frå 1100-talet.[3] Dette diktet var svært populært og blei mykje reprodusert. Namnet blei etterkvart knytt til verk som var kortare enn ei bok på engelsk ved slutten av 1300-talet. Den meir innsnevra og moderne tydinga er «uinnbunden bok» og «kontroversiell tekst».[4]