Paint Box Singel avPink Floyd | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. november 1967 | |
Innspelt | Oktober 1967 | |
Studio | De Lane Lea Studios iLondon | |
Sjanger | Psykedelisk pop[1][2] | |
Lengd | 3:33 | |
Selskap | Columbia (EMI)(Storbritannia) | |
Komponist | Richard Wright | |
Tekstforfattar | Richard Wright | |
Låtskrivar(ar) | Richard Wright | |
Produsent | Norman Smith | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Flaming» (1967) | Paint Box | «It Would Be So Nice» (1968) |
«Paint Box» (eller «Paintbox» på seinare utgjevingar) er ein song av det britiske rockebandetPink Floyd, skriven og sungen av klaverspelarenRichard Wright.[3][4] Han vart først gjeven ut i 1967 somB-side til singelen «Apples and Oranges».
Musikalsk har songen lange trommefills avNick Mason og einpianosolo av Wright, sompanorerer kring stereospekteret. Wrigt spelar òg eitspikerpiano i tillegg til eit vanleg akustisk piano.
Songteksten byrjar med«Last night I had too much to drink / Sitting in a club with so many fools», og eit ambivalent refreng:«I open the door to an empty room / Then I forget».
Songen er ein av dei første av mange Pink Floyd-songar med mykje e-mollnoneakkord.[5] Denne akkorden vart eit signaturaspekt ved nokre av dei meir kjende songane deira: Han opnarThe Dark Side of the Moon med «Breathe».[6] Han er dominerande i «Welcome to the Machine» fråWish You Were Here, der han vekslar mellom ein C-durseptimakkord i det meste av songen.[7] «Dogs» fråAnimals er sentrert kring akkorden spelt på ein nedstemt gitar, som fører til einkammertone i D-moll9.[8][9] Han dukkar igjen opp i «Hey You» og «Vera» fråThe Wall.[10] Han er i ikkje mindre enn fire songar påThe Final Cut: «Your Possible Pasts»; «The Hero's Return»; «The Gunner's Dream» og «The Fletcher Memorial Home».[11]
«Paint Box» var opphavleg gjeven ut i mono på singelen. Ein steroemiks vart seinare gjeven ut på samleplateneMasters of Rock ogRelics som «Paintbox», som òg var stavinga då monomiksen kom ut påtredje plata av 40-årsjubileumsutgåva avThe Piper at the Gates of Dawn. «Paintbox» vart igjen gjeven ut påCambridge St/ation- ogCre/ation-platene i plateboksenEarly Years i 2016-2017.
Det vart filma ein musikkvideo for songen for belgisk fjernsyn den 18. eller 19. februar 1968, der bandet mimar til songen på ei bru iBrussel. Sjølv om Syd Barrett framleis var eit medlem av bandet då songen vart spelt inn (oktober 1967) og då videoen vart filma, erDavid Gilmour med i videoen på gitar for første gongen med Pink Floyd.[12][13] Ein kan sjåAtomium-monumentet i bakgrunnen medan bandet spelar.