Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Pac-Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pac-Man

Utviklar(ar)Namco
Utgjevar(ar)Namco,Midway Games
DistributørGoogle Play,App Store
SkaparTōru Iwatani
Design(ar)Tōru Iwatani
Plattform(er)Game Boy Advance,Windows Phone,Android, Atari 5200,Commodore VIC-20,Atari 2600, MSX,Commodore 64,Sega Game Gear,Linux,Microsoft Windows,Sinclair ZX Spectrum,Xbox 360,Amiga,DOS,Nintendo Entertainment System,Super Nintendo Entertainment System,iOS, Famicom Disk System,Apple II, Atari 800, Intellivision, Texas Instruments TI-99/4A, IBM Personal Computer,Game Boy Color, Neo Geo Pocket Color,iPod Touch,PlayStation 4,Xbox One, PlayStation Portable
Utgjeving22. mai 1980, juli 1980
Sjangerlabyrintspill
Spelemoduseinspelar
Nettstadhttps://pacman.com/
Ms. Pac-Man→

Pac-Man er eitarkadespel utvikla avToru Iwatani og gjeve ut avNamco ogMidway Games i1980. Det blei opphavleg gjeve ut i Japan somPUCKMAN i mai 1980, og kom ut i USA i oktober same året somPac-Man.[1][2]

Spelet blei svært populært, og blei ein forløpar for enkle spel eller casual games. Saman medSpace Invaders blei det eit tidleg dataspel med brei kommersiell suksess, og blei del avpopulærkulturen.[3]

I spelet styrer spelaren ein gulsirkel med munn. Denne går rundt i einlabyrint og et dottar og premiar som han kjem over. Samtidig prøver firespøkjelse å fange han. Når ein et premiane er det Pac-Man som jagar spøkjelsa ei kort stund.[4]Ein skårer poeng ved å eta, og målet er å eta opp alle dottane på brettet.[5] Den opphavlege utgåva av spelet hadde berre eitt brett.[4]

Pac-Man blei det bestseljande spelet tilAtari 2600 med sju millionar selde einingar.[6]

Oppfølgjarar

[endre |endre wikiteksten]

Det er seinare gjeve ut over 30 offisielle Pac-Man-spel.Ms. Pac-Man kom ut i 1981 ogBaby Pac-Man i 1982.[3]

I 1999 bleiPS/GBA-speletPacMan World gjeve ut i høve 20-årsjubileet til spelet. Dette spelet fekk to oppfølgjarar,Pac-Man World 2 frå 2002 og 25-årsjubileumsspeletPac-Man World 3 frå 2005 som ein populær klassikar. Til Pac-Man sin 30-årsdag komPac-Man Party, der ein også kunne spela klassikarar somDig-Dug.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Namco Bandai Games Inc. (2. juni 2005).«Bandai Namco press release for 25th Anniversary Edition» (på japansk). bandainamcogames.co.jp/. Arkivert fråoriginalen 30. desember 2007. HentaOctober 10, 2007. «2005年5月22日で生誕25周年を迎えた『パックマン』 ("Pac-Man celebrates his 25th anniversary on May 22, 2005", seen in image caption)» 
  2. Long, Tony (10. oktober 2007).«Oct. 10, 1979: Pac-Man Brings Gaming into Pleistocene Era».Wired. Arkivert fråoriginalen 11. september 2014. Henta 10. oktober 2007. «[Bandai Namco] puts the date at May 22, 1980 and is planning an official 25th anniversary celebration next year.» 
  3. 12«Pac-Man 30 år»,NRK P3 (på norsk), henta 8. februar 2020 
  4. 12«Dette spillet het opprinnelig «Puck-Man»»,PressFire.no (på norsk), henta 8. februar 2020 
  5. «Kjenner du disse Pacman-variantene?»,Nettavisen (på norsk), henta 8. februar 2020 
  6. Buchanan, Levi (26. august 2008):«Top 10 Best-Selling Atari 2600 Games». IGN.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Pac-Man&oldid=3196439»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp