Pulse Konsertalbum avPink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. mai 1995 | |
Innspelt | 17. august–29. oktober 1994 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 2:27:59 | |
Selskap | EMI (Europa)Columbia (andre stader) | |
Produsent | ||
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
The Division Bell (1994) | Pulse | London '66–'67 (1995) |
Singlar fråPulse | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Pulse (skrivep·u·l·s·e) er eitkonsertalbum av det engelske rockebandetPink Floyd. Det kom ut 29. mai 1995 påEMI i Storbritannia og 6. juni 1995 påColumbia i USA.[3] Albumet vart spelt inn underDivision Bell-turnéen deira i 1994 frå dei europeiske konsertane som varte frå juli til oktober 1994.
10. juli 2006 kom det eindobbel DVD av konserten fråEarls Court Exhibition Centre i London i 1994.
Konsertalbumet inneheld ei framføring av heile albumetThe Dark Side of the Moon og kjem med ei lita bok med mange bilete frå turnén. Den inneheld òg songen «Astronomy Domine», einSyd Barrett-song som ikkje hadde vore framført sidan tidleg på 1970-talet. Songen vart spelt for å hylle den tidlegare frontfiguren.
I motsenad tilDelicate Sound of Thunder vart det ikkje spelt inn ekstra musikkspor i studio for å pynte på resultatet. Enkelte stader vart derimot gitarsoloar og vers klippa ut frå ein versjon av ein song, og inn i ein annan, sidan dei fleste konsertane i Europa vart tatt opp på band.
I USA deburterteP*U*L*S*E på første plass på den amerikanskeBillboardlista og selde raskt til dobbel platina (2 mill. eksemplar) i løpet av juli 1995.
Kassettutgåva hadde med to bonusspor: «One of These Days» og eit 22 minutt langt stykke med lydar som vart spelt før konsertane i 1994. Vinylutgåva kom i ein boks med 4 LPar, og inkluderte òg «One of These Days» i tillegg til ei stor utgåve av boka med bilete. Filmversjonen innaheldt òg «Take It Back» og songane er i ei anna rekkfølgje og tatt frå forskjellige framføringar.
Tidlege CD-utgåver kom med ein blinkande, raudlysdiode på sida av boksen, som blinka i same takt som hjarteslaga i byrjinga avThe Dark Side of the Moon. Det vart sagt at lyset hadde nok batteri til å blinke i 18 månadar, men visstnok skal nokon framleis blinke. Seinare CD-utgåver hadde ikkje det blinkande lyset.
Nr. | Tittel | Melodi | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Shine On You Crazy Diamond, Parts I-V, VII» (20. oktober 1994, Earls Court, London) | David Gilmour | 13:35 | |
2. | «Astronomy Domine» (15. oktober 1994, Earls Court, London) | Syd Barrett |
| 4:20 |
3. | «What Do You Want From Me» (21. september 1994, Cinecittà, Roma) |
| Gilmour | 4:10 |
4. | «Learning to Fly» (14. oktober 1994, Earls Court, London) | Gilmour | 5:16 | |
5. | «Keep Talking» (17. august 1994, Niedersachsenstadion, Hannover) |
| Gilmour | 6:52 |
6. | «Coming Back to Life» (13. oktober 1994, Earls Court, London) | Gilmour | Gilmour | 6:56 |
7. | «Hey You» (13, 15. oktober 1994, Earls Court, London) | Waters | Gilmour, Jon Carin (doubling Gilmour) | 4:40 |
8. | «A Great Day for Freedom» (19. oktober 1994, Earls Court, London) |
| Gilmour | 4:30 |
9. | «Sorrow» (20. september 1994, Cinecittà, Roma) | Gilmour | Gilmour | 10:49 |
10. | «High Hopes» (14, 19, 20, 21, 29. oktober 1994, Earls Court, London) |
| Gilmour | 7:52 |
11. | «Another Brick in the Wall, Part II» (21. oktober 1994, Earls Court, London) | Waters |
| 7:08 |
Total lengd | 1:15:50 |
Nr. | Tittel | Melodi | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Speak to Me» (20. september 1994, Cinecittà, Roma) | Nick Mason | Instrumental | 2:30 |
2. | «Breathe (In the Air)» (20. oktober 1994, Earls Court, London) |
|
| 2:33 |
3. | «On the Run» (20. oktober 1994, Earls Court, London) |
| Instrumental | 3:48 |
4. | «Time / Breathe (Reprise)» (17. september 1994, Festa de l'Unità, Modena; 20. september 1994, Cinecittà, Rome; 20. oktober 1994, Earls Court, London) |
|
| 6:47 |
5. | «The Great Gig in the Sky» (20. oktober 1994, Earls Court, London) |
| 5:52 | |
6. | «Money» (17. september 1994, Festa de l'Unità, Modena; 20. oktober 1994, Earls Court, London) | Waters | Gilmour | 8:54 |
7. | «Us and Them» (19, 20. oktober 1994, Earls Court, London) |
| Gilmour | 6:58 |
8. | «Any Colour You Like» (19, 23. oktober 1994, Earls Court, London) |
| Instrumental | 3:21 |
9. | «Brain Damage» (19. oktober 1994, Earls Court, London) | Waters | Gilmour | 3:46 |
10. | «Eclipse» (19. oktober 1994, Earls Court, London) | Waters | Gilmour | 2:38 |
11. | «Wish You Were Here» (20. september 1994, Cinecittà, Roma) |
| Gilmour | 6:35 |
12. | «Comfortably Numb» (20. oktober 1994, Earls Court, London) |
|
| 9:29 |
13. | «Run Like Hell» (15. oktober 1994, Earls Court, London) |
|
| 8:36 |
Total lengd | 1:11:57 |
Salslister[endre |endre wikiteksten]
Årslister[endre |endre wikiteksten]
| Salstrofé[endre |endre wikiteksten]
|
Turnéen vart sponsa i Europa avVolkswagen, som og laga ein eigen versjon av bilenGolf Pink Floyd. Bilen vart gjeve i premie ved kvar konsert. Bilen var ein standard Golf med ein Pink Floyd-logo og svært godt stereoanlegg. I tillegg hadde han den mest miljøvennlege motoren.
Føregangar Songs from a Secret Garden Secret Garden | Toppen avVG-lista Pink Floyd 2 veker, veke 23–24, 1995 | Etterfylgjar 'HIStory: Past, Present and Future - Book I' Michael Jackson |