PDA, forkorting forPersonal Digital Assistant ellerPersonleg Digital Assistent, er ei litapersonleg datamaskin som mellom anna kan halde orden på avtalar og kontaktar. Maskinen er og ofte kalla ein «digitalfilofax», og dei fleste har pennbasertinndata. Tidlege versjonar hadde enkle funksjonar somkalkulator,avtalebok ogadressebok. I tillegg kunne ein legge inn eit begrensa antal program på maskina på det faste minnet som var på under einmegabyte. Moderne maskiner harprosessorar som kan samanliknast med datamaskiner frå få år tilbake, og kan ofte spele film, musikk og3D-spel.
Apple var dei første å lansere personlege hjelpemaskinar med sineNewton-maskiner, men desse var ikkje særleg kommersielt vellykka og vart avvikla.Palm kom så på bana og dominerte markedet i lengre tid, fram til nyleg dåMicrosoft PocketPC byrja å ta over markedet.Psion var og ein vesentleg produsent med sine avlange maskiner med fullstendigqwerty-tastatur i markedet framtil dei vart meir eller mindre utkonkurrert av Palm og Microsoft. Psion sitt operativsystemSymbian er nå dominerande iSmarttelefon-markedet.Linux har òg eit operativsystem for PDA-maskiner og Smarttelefonar; dette er nytta i blant annaSharp sine maskiner for den japanske marknaden, der dei har nytt stor suksess.