Panellínio Sosialistikó Kínima (PASOK; Πανελλήνιο Σοσιαλιστικό Κίνημα), den panhellenske sosialistrørsla,[1] er eitsosialdemokratisk parti i Hellas.
Partiet vart skipa i1974, på grunnlag av ei eksilgruppe danna i1968 avAndreas Papandreou, og vann parlamentsvalet i1981. Det vann òg i1993, men etter det byrja helsa til Andreas Papandreou å skrante, og i1996 tokKostas Simitis over. I2004 kom det til eit generasjonsskifte i partileiinga, ogGeorgios Papandreou tok over. Dei tapte likevel makta til deikonservative iNea Dimokratia, og vart verande i opposisjon etter valet i2007. Ved valet i2009 vart PASOK atter det største partiet, med nesten 44% av stemmene.
Logoen til PASOK er ei oppstigandegrøn sol. Partiet blir iHellas forbunde med grønt som politisk symbolfarge. Dette har likevel ikkje noko direkte medøkologi å gjere.