Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Havbotnskorpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråOseanskorpe)
Alderen til havbotnskorpa. Dei raude langs midthavsryggane er dei nyaste, medan dei blå langs søkkegrensene til kontinentalplatene er dei eldste.

Havbotnskorpe er ein del avlitosfæren tiljorda som flyt ihavbassenga, i motsetnad tilkontinentalskorpene som består vesentleg av landfaste, tjukkare delar av litosfæren. Havbotnskorpa er tynnare enn kontinentalskorpa, generelt mindre enn 10 km og maksimalt 30 km tjukk, og har ein gjennomsnittlig tettleik på omtrent 3,3 gram perkubikkcentimeter. Det er viktig å merke seg attektoniske plater kan bestå av både havbotnskorpe og kontinentalskorpe, og at grenser mellom plater òg kan gå midt over ein av typane jordskorpe.

Havbotnskorpe består primært avmafiske bergartar som er tunge og rike påjern ogmagnesium (sima), slik som til dømes bergartanebasalt,diabas oggabbro.[1] Til samanlikning består kontinentalskorpe (sial) i større omfang òg av silikat ogaluminium, med lettare oftefelsiske bergartar somgranitt,gneis,sandstein,kalkstein ogslamstein.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Ivar B Ramberg (red),Landet blir til – Norges geologi, Norsk Geologisk Forening 2006, utg 2007, side 27.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Havbotnskorpe&oldid=3383424»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp