Orosirium (gresk ὀροσειρά (oroseira), tyder «fjellkjede») er den tredjegeologiske perioden ipaleoproterozoikum. Han varte i perioden som byrja for 2050 millionar år sidan og enda for 1800 millionar år sidan. Perioden er ikkje basert påstratigrafi, men definertkronometrisk.
Siste halvdel av perioden var ein periode med omfattandeorogense (fjelldanning) på nesten allekontinent.
Jordatmosfæren utvikla seg truleg til einoksygenrik atmosfære i denne perioden på grunn avfotosyntesen tilcyanobakteriar.
To av dei største kjende nedslagshendingane på jorda skjedde under orosirium. Heilt i byrjinga av perioden, for 2023 millionar år sidan, kolliderte ein storasteroide og dannaVredefortkrateret. Hendinga som dannaSudburybekkenet skjedde mot slutten av perioden, for 1850 år sidan.
Proterozoikum | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Paleoproterozoikum | Mesoproterozoikum | Neoproterozoikum | |||||||
Siderium | Rhyacium | Orosirium | Statherium | Calymmium | Ectasium | Stenium | Tonium | Kryogenium | Ediacara |