Ordforråd ellerleksikon er det samla settet avord som blir brukt i eitspråk, eindialekt, eit spesialisert språk eller av eit enkeltindivid. Lingvistisk sett kan det definerast som settet av medlemmane i deiopne oglukkaordklassene. Hjå ein enkeltperson er detaktive ordforrådet mengda ord han bruker når han taler eit visst språk, detpassive er talet på ord han forstår.
I teorien er ordforrådet i eit språk uendeleg stort, i og med at det alltid er mogleg å danne nye ord, ved hjelp avsamansetjing,avleiing oglån. Samtidig kan eldre ord gå ut av bruk og ikkje vera del av noko aktivt ordforråd.
Viss vi konsentrerer oss berre om talet pårøter, er det som regel berre mellom 10000 og 20000 røter i eit språk, i språk med få lånord og godt utvikla avleiingsprosessar til og med færre.