Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Oppfinning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reklame for oppfinningskonkurransen Concours Lépine frå 1910.
Tenkte framtidige oppfinningar frå 1829.

Oppfinning er ein ny eller unik måte eller teknologi til å gjera noko på. Dette kan vera ein heilt ny metode, apparat eller anna produkt, eller det kan vera ei forbetring av ei tidlegare oppfinning. Ein person som står bak ei eller fleire oppfinningar blir kalla einoppfinnar. I dag kan ein ofte verna oppfinningane sine medpatent.Oppfinningar kan spreia seg mellom ulike område gjennom kopiering, eller ved at ein endrar og tilpassar ein ny ide til sitt miljø. Påverknad og investeringar frå utlandet kan også medføra spreiing av oppfinningar.[1]

Ulike område for oppfinning

[endre |endre wikiteksten]

Oppfinningar kan vera vitskapleg-teknologiske, sosiopolitiske og humanistisk-kulturelle.

Nokre døme på vitskapleg-teknologiske oppfinningar er materiale sombronse,stål ogplast,vaksinering,antibiotika,stigbøyle,jernbane,flyging,telefon,atomvåpen,datamaskinar ogInternett.

Sosiopolitiske oppfinningar kan vera nye lovar, institusjonar og prosedyrar som endrar former for sosial oppførsel eller lager nye former for menneskeleg samhandling og organisering. Nokre døme er den internasjonaleHavrettstraktaten, som for første gong regulerte aktivitetar på ope hav, ei rekkje prøyssiske lover frå 1880-talet, somKrankenversicherung (1883) ogInvaliditäts- und Altersversicherung (1889), som innførtesjukeforsikring ogpensjon, ordningar som modernesjukepleie,Raudekrossen,speidarrørsla,supermarknader og konsept sommaktfordelingsprinsippet,menneskerettar,satyagraha ogdyrerettar.

Humanistisk-kulturelle oppfinningar er knytt til alle moglege kulturuttrykk, og kan vera like gjennomgripande som vitskapleg-teknologiske. Dei kan omfatta ulikealfabet,nyord og nye uttrykk, kulturelle strøymingar somrenessanse,romantikk,symbolisme,sosialrealisme,surrealisme,postmodernisme ellerpsykoanalyse, nye litterære sjangrar somtragedie,sonette ellerroman, former for bilde- og utøvande kunst somoljemåleri,litografi,fotografi,film, musikalskatonalitet,jazz,rock,opera ogsymfoniorkester. Innan filosofi finst oppfinningar som formelllogikk,dialektikk,semiotikk,anarki,behaviorisme,positivisme,pragmatisme ogdekonstruksjonisme. Religiøse oppfinningar er mellom annamonoteisme,panteisme,buddhisme,metodisme,mormonisme,deisme ogsekularisme. Nokre av desse tendensane eller trendane kan verka som å allereie ha eksistert som idear eller å ha utvikla seg spontant, men dei fleste har hatt oppfinnarar bak seg.[2]

Ulike oppfinningstypar

[endre |endre wikiteksten]
  • Oppfinning av system (architectural innovation). Ei oppfinning som forbetrar eller fornyar måtar ulike delar i eit system verker saman. Dei ulike delane treng ikkje vera nye oppfinningar. Nokre døme er sjukehus, datanettverk og fleksible produksjonssystem.[3]
  • Oppfinning av ein del eller komponent (component innovation). Oppfinning eller forbetring av ein del av eit system, som ein forbetramotor eller betremikroprosessorar.[4]

Innan økonomi kan ein skilja mellom produktinnovasjon, der ein lager eit nytt eller forbetra produkt, og prosessinnovasjon, der ein forbetrar eller fornyar metoden å laga produkt på.[5]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Fotnotar
  1. Black, John; Nigar Hashimzade; Gareth Myles (2009).«diffusion of innovations».A Dictionary of Economics. Oxford University Press. 
  2. Mikhail Epstein. Inventive Thinking in the Humanities.Common Knowledge (Duke UP), Winter 2017, Vol.23, No. 1: 1-18
  3. Law, Jonathan, red. (2016).«architectural innovation».A Dictionary of Business and Management. Oxford University Press. 
  4. Law, Jonathan, red. (2016).«component innovation».A Dictionary of Business and Management. Oxford University Press. 
  5. Black, John; Nigar Hashimzade; Gareth Myles (2009).«innovation».A Dictionary of Economics. Oxford University Press. 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Oppfinning&oldid=3173711»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp