Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Operaen Valkyrien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valkyrien (Die Walküre)
WWV 86B
Opera avRichard Wagner

Schotts vokalpartitur forValkyrien (1899)
PeriodeRomantikken
Urframføring26. juni 1870 26. juni 1870
Typisk lengdca. 3 timar 45 minutt
Satsar/akter3 aktar
Libretto avRichard Wagner

Valkyrien (tyskDie Walküre),WWV 86B, er ein tyskspråklegopera i tre akter med tekst og musikk avRichard Wagner, og inngår som det andre av fire musikkdrama som utgjer Wagners syklusNibelungenringen (Der Ring des Nibelungen).[1] Han vart framført som ein enkeltopera ved nasjonalteateret iMünchen den 26. juni1870, og hadde den første framsyninga si som ein del avRing-syklusen under festspela i Bayreuth den 14. august1876.

Teksten vart fullført i juli 1852, og musikken i mars 1856. Wagner følgde i stor grad prinsippa knytt til musikkdrama-formatet som han hadde beskrive i essayetOper und Drama frå 1851. Her skulle musikken tolka teksten emosjonelt og reflektera over kjenslene og stemningane bak verket, ved hjelp av eit system med tilbakevendandeleiemotiv for å representera karakterar, idear og situasjonar i staden for dei konvensjonelle operatiske einingane til ariar, ensemble og kor.

Som medRhingullet ønskte Wagner å utsetja kvar framføring av det nye verket til det kunne visast som del av den fullførte syklusen, men premieren i München i 1870 vart arrangert etter atmesénen hans kongLudwig II av Bayern insisterte. Meir enn dei andreRing-dramaa harValkyrien oppnådd ein viss popularitet som eit frittståande verk, og blir framleis framført uavhengig av rolla si i tetralogien.

Historia tilValkyrien er basert på dennorrøne mytologien fortalt iVolsungesoga ogDen eldre Edda. I denne versjonen møter Volsung-tvillingane Sieglinde og Siegmund, som vart skilde i barndommen, kvarandre og forelskar seg. Denne unionen opprører gudane, som krev at Siegmund må døy. Sieglinde og det ufødte barnet til paret blir frelste av dei ulydige handlingane tilWotan si dotter, tittelfiguren, valkyria Brünnhilde. Som eit resultat må ho stå overfor guden si gjengjelding.

Roller

[endre |endre wikiteksten]
RolleSkildring[2]Stemmeleie[3]Premierebesetningen i München, 26. juni 1870[4]

(Dirigent: Franz Wüllner)[5]

Premierebesetningen ved den første Bayreuth-festivalen, 14. august 1876[4]

(Dirigent: Hans Richter)[6]

Menneske
SiegmundVolsung, son av Wotan, Sieglindes tvillingbrortenorHeinrich VoglAlbert Niemann
SieglindeVolsung, dotter av Wotan, Siegmunds tvillingsøstersopranTherese VoglJosephine Schefsky
HundingNeiding-klanens høvding; Sieglindes ektemannbassKaspar BauseweinJosef Niering
Gudar
WotanGuden for krig og kontraktar, herskaren til gudanebassbarytonAugust KindermannFranz Betz
FrickaEkteskapets gudinne, Wotans ektefellemezzosopranAnna KaufmannFriederike Grün
Valkyrjer
BrünnhildeWotans dotter via Erda.sopranSophie StehleAmalie Materna
GerhildeWotans dottersopranKaroline LenoffMarie Haupt
OrtlindeWotans dottersopranHenriette Müller-MarionMarie Lehmann
WaltrauteWotans dottermezzosopranHemauerLuise Jaide
SchwertleiteWotans dotteraltEmma SeehoferJohanna Jachmann-Wagner
HelmwigeWotans dottersopranAnna Possart-DeinetLilli Lehmann
SiegruneWotans dottermezzosopranAnna EichheimAntonie Amann
GrimgerdeWotans dottermezzosopranWilhelmine RitterHedwig Reicher-Kindermann
RoßweißeWotans dottermezzosopranJuliane TyrolerMinna Lammert

Kjente utdrag

[endre |endre wikiteksten]
  • Forspelet til akt 1
  • Siegmunds forteljing («Ein Schwert verhiess mir der Vater», akt 1, scene 3)
  • Siegmunds vårsang («Winterstürme wichen dei Wonnemond», akt 1, scene 3)
  • Forspillet til akt 2
  • Dødsbebudelsen («Siegmund! Sieh auf mich», akt 2, scene 4)
  • Valkyrierittet («Hojotoho! Heiaha!», akt 3, scene 1)
  • Wotans farvel («Leb wohl, du kühnes, herrliches Kind», akt 3, scene 3)
  • Magisk eld («Loge, hör'!», akt 3, scene 3)

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Wagner, Richard (2011),Die Walkure/The Valkyrie., Nicholas John, Andrew Porter, Alma Books,ISBN 978-0-7145-4501-1,OCLC 980826116, henta 4. juni 2022 
  2. Holman, J. K. ([200-], 2001).Wagner's ring : a listener's companion & concordance. Amadeus. s. 179–187, 206–220.ISBN 1-57467-070-0.OCLC 244013043. 
  3. Holman, J. K. ([200-], 2001).Wagner's ring : a listener's companion & concordance. Amadeus. s. 57–58.ISBN 1-57467-070-0.OCLC 244013043. 
  4. 4,04,1«Die Walküre: Performance History»,opera.stanford.edu, henta 4. juni 2022 
  5. Osborne, Charles (1992).The complete operas of Wagner : a critical guide. Gollancz. s. 200.ISBN 0-575-05380-1.OCLC 59923745. 
  6. Osborne, Charles (1992).The complete operas of Wagner : a critical guide. Gollancz. s. 201.ISBN 0-575-05380-1.OCLC 59923745. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Operaen Valkyrien

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Dieter Borchmeyer (1982)Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); engelsk omsetjing:Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003,ISBN 978-0-691-11497-2
  • Deryck Cooke (1979).I Saw The World End. Oxford: Oxford University Press.ISBN 978-0-19-315318-9
  • Robert Donington (1963).Wagner's 'Ring' and its Symbols. London: Faber and Faber.
  • J.K. Holman (2001).Wagner's Ring: A Listener's Companion & Concordance. Portland, OR: Amadeus Press.ISBN 978-1-57467-070-7
  • Barry Millington (1992). «The Music: Operas». I Barry Millington (red.).The Wagner Compendium. London: Thames and Hudson.ISBN 978-0-50028-274-8
  • Roger Scruton (2016).The Ring of Truth: The Wisdom of Wagner's Ring of the Nibelung. London: Penguin Books.ISBN 978-0-141-98072-0
Spire
Dennemusikkartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Operaen_Valkyrien&oldid=3586488»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp