Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Opera Software

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opera Software

Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.916368127,974529459
BransjeProgramvareutvikling, internettbransjen, programvareinsdustrien, marknadsføring
Skipa1995
EigarFolketrygdfondet
HovudkontorOslo
LandNoreg
ProduktNettlesaren Opera, Opera Coast, Opera Mail, Opera Mini, Opera Mobile, programvare, Opera GX
Tenestermobilapplikasjon,datakomprimering
Grunnleggjar(ar)Geir Ivarsøy
Adm.dir.Jon Stephenson von Tetzchner, Lars Boilesen
Resultat-15 400 000 USA-dollar(2017)[1]
Nettstadhttps://www.opera.com/(engelsk)
Opera si stand ved GSMA Barcelona 2008.

Opera Software ASA (OSE:OPERA) er eit børsnotert selskap som utviklarnettlesarenOpera forPC-ar, handhaldne maskinar (som f.eks.mobiltelefonar) og fleire andre plattformar. Opera Software ASA blei børsnotert vedOslo Børs i2004. Selskapet har ein market cap på 1,8 milliardar kroner. Gründer og dagleg leiarJon Stephenson von Tetzchner er største aksjonær.

Nettlesaren er verdast tredje mest populære. Den er kjend for å vere liten og rask, og for å følgje industristandardane. Opera Software samarbeider blant anna medIBM,Nokia,Motorola, Macromedia, Canal+ Technologies ogEricsson. Hovudkvarteret ligg iOslo, men selskapet har og kontor iSverige,Kina,Japan,Sør-Korea,Polen,Tsjekkia,Taiwan,India ogUSA.

Opera jobbar i samarbeid medNintendo for å skape ein integrert nettlesar tilspelkonsollenWii. Ein versjon av nettlesaren har allereie blitt utgjeven.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Selskapet blei starta30. august1995 avGeir Ivarsøy og Jon Stephenson von Tetzchner. Ivarsøy og von Tetzchner var ein del avTelenor si utviklingsavdeling påKjeller der dei utvikla ein nettlesar dei kallaMultiTorg Opera. Prosjektet blei skrinlagt av Telenor, men i 1995 fekk dei rettane til programvara og starta sitt eige firma for å vidareutvikle henne. Pr. mars 2008 har selskapet 510 tilsette, og avdelingar i fleire land.

Opera Software ASA blei børsnotert vedOslo Børs med tickarenOPERA11. mars2004. Teikningskursen ved børsintroduksjon var 10,- NOK.

20. september 2005 annonserte Opera at dei ville fjerne reklamen frå nettlesaren og gjere han gratis. Opera var gratis å laste ned og bruke også før dette, men då vart det vist reklame øvst i nettlesaren om ikkje brukaren kjøpte ein lisens.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Opera_Software&oldid=3473081»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp