Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Opera Mini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samfunnshuset iNynorsk Wikipedia vist med Opera sinSmall Screen Rendering-teknologi.

Opera Mini er einJava-nettlesar formobiltelefonar. Opera Mini gjev brukaren tilgang til den storeverdsveven, i motsetnad til vanlege mobiltelefon-nettlesarar som berre gjev tilgang tilwap-nettet. Nettlesaren er tilgjengeleg for mobiltelefonar med lågt minne og telefonar med høgt minne.

Opera Mini er gjeven ut på ei lang rekkje språk, mellom dei bådenynorsk ogbokmål.

I motsetnad til vanlegenettlesarar lastar Opera Mini nettsider via eintenar hosOpera Software. I tenaren, som nyttar «OperaSmall Screen Rendering», vert nettsida omforma til å passe storleiken på skjermen til ein mobiltelefon. Når informasjonen frå verdsveven visast på mobiltelefonen har han ofte vorte forminska med mellom 70 og 90%.

Opera Mini vart lansert i prøveversjon første gongen iNoreg avOpera Software saman medTV2, den 10. august 2005. 20. oktober same året vart einbetaversjon lansert til alle deinordiske landa. Etter gradvise og avgrensa slepp i fleireeuropeiske land, vart nettlesaren endeleg sloppen i ferdig versjon den 24. januar 2006.

Grafisk framstilling av korleis Opera Mini virkar.
Frå høgre til venstre:
Nettstaden vert lasta opp til ein tenar, som komprimerer han og sender han vidare i lite format til mobiltelefonen.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Opera_Mini&oldid=3620082»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp