Omsetjinga av eit bodberar-RNA-molekyl på eit ribosom hjå ein eukaryot. RNA-et fer frå høgre til venstre medan proteinet veks inn i biletet, etter kvart inn iendoplasmatisk retikulum.Transport-RNA-molekyl er blåe og fører med seg aminosyrer til ribosomet.
Hjåprokaryotar hender omsetjinga samstundes med avskrivinga, der den ferdig avskrivne enden av bodberar-RNA-et vert sett om medan resten av RNA-molekylet framleis vert laga avRNA-polymerasen. Hjåeukaryotar hender omsetjinga i eit seinare steg icytoplasmaet etter at bodberar-RNA-et er vorte ført ut avsellekjernen.
Transport-RNA føreraminosyrer til ribosomet og den veksande peptidkjeda. Kvart transport-RNA har eitmotkodon som svarar til ei viss aminosyre, ogbaseparing syrgjer for at den neste aminosyra i peptidkjeda svarar til det neste kodonet i bodberar-RNA-et.
Omsetjing har tre streg: byrjing, lenging og avslutting. Ulike protein hjelper til ved dei ulike stega.