Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Olib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olib
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar44°22N′14 46°E′{{{6}}}

Areal26,14 km²

Høgaste punktKalac (74moh.)

Administrasjon
LandKroatia
Fylke
Kommune
Zadar
Zadar

Demografi
Folketal117 (2021[1])

Olib er eiøy iAdriahavet ved kysten nord iDalmatia iKroatia. Ho ligg nordvest forZadar, sørvest forPag, søraust forLošinj og like aust forSilba. Administrativt høyrer Olib til kommunenZadar iZadar fylke.[2][3]

Dei første busetnadane vart oppretta underRomarriket, og Olib vart først nemnd i dokument på 900-talet som Aloep.

Kroatar kom til øya på midten av 1400-talet fråVrlika iCetinska Krajina då dei flykta fråden osmanske invasjonen.

Øya har mange historiske bygningar og ruinar. Mellom desse finn ein kyrkja Jomfru Marias Himmelfart med ei samling antikvitetar, tårnet Kula, som vart bygd som vern mot piratar, og ruinane av St. Paulus Kyrkje og Kloster, som ein drog bort frå på 1200-talet.

Olib produserer mellom annavin,olivenolje ogost. Olib har ingen ferskvasskjelder, og derfor har nesten alle heimane på øyacisterner for å samle inn regnvatn. Det er òg to kommunale brønnar tilgjengeleg for innbyggjarane.

Olib er forbunde til fastlandet via ei ferje tilZadar, som òg går innom øyaneSilba ogPremuda. Reisa til fastlandet tar om lag to timar med ein katamaran og tre til fem timar med ei bilferje.

Folketal

[endre |endre wikiteksten]

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001[4]Folketal 2011[5]Folketal 2021[1]
Olib147140117

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1«Population by age and sex, by settlements, 2021 Census».Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 
  2. «The Constitution of the Republic of Croatia»(PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025.  Offisiell omsetjing
  3. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia.Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025. 
  4. «Census 2001; Population by age and sex, by settlements».Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025. 
  5. «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025. 
Istria
Kvarner
Nord-Dalmatia
Sentral-Dalmatia
Sør-Dalmatia
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Olib&oldid=3593406»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp