Olaf Scholz (fødd 14. juni 1958) er ein tysk politikar fråOsnabrück.[1] Han har sidan 8. desember 2021 vore forbundskanslar i Tyskland, medlem iSPD.[2][3]
Olaf Scholz vart fødd iOsnabrück, og hadde sin barndom iHamburg.[4] Faren hans arbeidde seg opp frå seljar til dagleg leiar i tekstilbransjen. Foreldra og besteforeldra som var jarnbanetilsette, kom frå Hamburg.[5] Scholz er utdanna jurist, og fekk advokatløyvet i 1985. Hans spesialfelt er arbeidsrett.
Scholz er gift med Britta Ernst, utdanningsminister i Brandenburg.
Scholz vart medlem av SPD i 1975, og var aktiv i ungdomsorganisasjonenJusos, blant anna som føderal nestleiar (1982–1988). Han var leiar for SPD i Hamburg frå 2000 til 2004, og vart valt inn i det føderale styre til SPD i 2001. Frå 2005 til 2007 var Scholz parlamentarisk forretningsførar for SPDsForbundsdagsfraksjon. Frå mai til oktober 2001 var hansenator for innanrikssaker i bystatenHamburg.
Scholz var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1998 til 2001, og på ny frå 2002. Han var generalsekretær i SPD frå oktober 2002 til mars 2004, forbundsminister for arbeids- og sosialsaker frå november 2007 til oktober 2009 og ordførar i Hamburg frå mars 2011 til mars 2018. Perioden februar-april 2018 var han mellombels partileiar i SPD. Den 14. mars 2018 vart han utnemnd til finansminister i Forbundsrepublikken Tyskland, samstundes også visekanslar forAngela Merkel. Scholz hadde desse posisjonane han til i desember 2021 aksla rolla som tysk forbundskanslar.[3][6]