Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Oblatfedrane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ordensgrunnleggaren Eugène de Mazenod

Oblatfedrane er det vanlege namnet på einkatolskreligiøs orden. Det fullstendige namnet er Congregatio Missionariorum Oblatorum Beatae Mariae Virginis Immaculatae – OMI,Oblatane av den usmitta Jomfru Maria. Ordenen har òglekmenn.

Ordenen blei grunnlagd iAix-en-Provence i januar1816 avEugène de Mazenod (1782-1861), som varprest iMarseille erkebispedøme og blei den fyrste generalsuperioren for ordenen. Ordenen blei stadfesta 17. februar1826 avpave Leo XII. Formålet med ordenen var opphavleg å bidra til ei religiøs vekking i Aix-området etter religionsforfølgingane underden franske revolusjonen og uroa kringNapoleonskrigane. Ordenen voks likevel ut av den lokale ramma og blei ein misjonsorden med 4 000 oblatfedrar i 66 land.[1]

Eugène de Mazenod blei ordinert til biskop i 1837. Han bleiheilagkåra 3. desember 1995 avpave Johannes Paul II.

Ordenen er òg verksam i Noreg med oblatfedrar som verkar i høvesvis Maria-forsamlinga iAskim og i St. Paul forsamling iBergen.[2]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. St. Olav - katolsk kirkeblad, nr 5 - 2010, side 23
  2. «Oblatfedrene (O.M.I.)»,Den katolske kirke (på norsk), henta 15. februar 2023 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Oblatfedrane&oldid=3462037»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp