Oberstdorf er ein by og kommune (tyskMarkt) iOberallgäu iBayern iTyskland. Kommunen ligg i dei bayerskeAlpane og grensar i sør tilAusterrike. Obertsdorf kommune omfattar omfattar 229,9 km² og hyser 9 649 ibuarar (2021). Småbyen Oberstdorf ligg 813 meter over havet.
Oberstdorf er kjent som kurstad og vintersportsstad, og er eit populært utgangspunkt forfjellklatrarar. Med 17 000 gjestesenger og 2,5 millionar overnattingar i året, er Oberstdorf ein avTysklands turistmagnetar.
I Oberstdorf ligg to internasjonalt kjentehoppbakkar:Schattenberg-bakken, som blir brukt underhoppveka, og einskiflygingsbakke (Heini Klopfer-bakken) som er den tredje største i verda. Her finn ein blant anna 85 km skiløyper, 20 skiheiser og 44 km med alpinbakker.
Oberstdorf har arrangert verdsmeisterskap på ski i nordiske greiner i såvel1987, som2005 og2021. Noregs troppar vart best i både 2005 og 2021.