«O Little Town of Bethlehem» | |
![]() Forfattaren sitt manuskript av første strofe | |
Musikk av | Lewis Redner («St Louis»),Ralph Vaughan Williams («Forest Green»),Henry Walford Davies («Wengen» og «Christmas Carol») |
---|---|
Tekst av | Phillips Brooks |
Publisert | ca. 1868 |
Språk | engelsk |
Form | julesong |
![]() |
| ||||
Problem med å høyra denne fila? Sjåmediahjelp. |
O Little Town of Bethlehem er ein populær, amerikanskjulesong. Han finst iNorsk Salmebok under tittelen «Å Betlehem, du vesle by».
Teksten vart skriven avPhillips Brooks (1835–1893), ein episkopal prest og sokneprest vedChurch of the Holy Trinity i Philadelphia. Han vart inspirert til å skrive songen etter å ha vitjaBetlehem i Palestina i 1865. tre år seinare skreiv han diktet for kyrkja si og organistenLewis Redner, som la til musik.
Melodien til Redner, berre kalla «St. Louis», er den melodien som oftast er nytta for denne julesongen i USA.[1]
IDet britiske samveldet, og stundom i USA, vert den engelske salmemelodien «Forest Green» nytta i staden for. «Forest Green» vart komponert avRalph Vaughan Williams basert på eiskillingsvise kalla «The Ploughboy's Dream» som han hadde henta inn frå ein Mr. Garman frå Forest Green i Surrey i 1903.[2][3][4] Henry Garman vart fødd i 1830 iSussex, og i budde i 1901 iOckley i Surrey. I notata til Vaughan Williams står det at han var ein «arbeidar i Forest Green nær Ockley, alder kring 60?», sjølv om Garman må ha vore nærmare 73 då han gav melodien til Willliams.[5] Melodien har eistrofisk verseform på forma A-A-B-A. Salmemelodien vart først publisert iEnglish Hymnal i 1906.
Det finst òg to melodiverjonar avH. Walford Davies, kalla «Wengen» og «Christmas carol».[6][7] «Wengen» vart publisert iHymns Ancient and Modern i 1922,[8] medan «Christmas Carol» vanlegvis berre vert framført av kor.[9]