Nyland, særleg kysten, har tradisjonelt vore svenskspråkleg område, men etter atHelsingfors varthovudstad iFinland har finsk vorte majoritetsspråk i Helsingfors og byane rundt.
Nyland er det landskapet i Finland med høgast folketal, og det flytter om lag 100 000–200 000 menneske dit frå andre delar av Finland i året. Omtrent kvar fjerde finne bur i Nyland.
Bruttonasjonalprodukt i Nyland var i 2003 til saman 43 747millionareuro. Næringslivet er dominert av tenesteytande næringar. Industrien er konsentrert langs Ring III, ein av ringvegane rundt Helsingfors, langs jarnvegen nordover og langs kysten vestover er områda med mest industri. Nyland har også mykje jordbruk.
Sidan 1. januar 2013 har Nyland omfatta 26 kommuner, halvparten av dei har bystatus. Bynamna er skrivne med halvfeite typar.15 kommunar er offisielt tospråklege. Resten er einspråkleg finske.