Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Novara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Novara
by
Land Italia
RegionPiemonte
ProvinsNovara
Areal103,05 km²
Folketal 101 257  (1. januar 2023)
Postnummer28100
Retningsnummer0321
Kart
Novara
45°27′N8°37′E / 45.45°N 8.62°E /45.45; 8.62
Wikimedia Commons: Novara

Novara (Nuara på ein lokal dialekt avvestlombardisk) er ein by iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Novara iregionenPiemonte og har om lag 104 388 innbyggjarar. Byen ligg 38 km vest for Milano og er den nest største byen i Piemonte etterTorino, som ligg 95 km unna. Vegane mellom Milan og Torino, og mellomGenova ogSveits går gjennom byen. Novara ligg ved elvaneAgogna ogTerdoppio.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Novara vart grunnlagd i antikken avromarane. Namnet er bygd opp avNov, som tyder «ny», goAria, som er namnet innbyggjarane iGallia Cisalpina nytta om området.

Byen låg ved vegen mellom Vercellae (Vercelli) og Mediolanum (Milano). Etter at byen vart øydelagd i386 avMagnus Maximus for å ha støtta rivalenValentinian II, vart han bygd opp att avTheodosius. Etter dette vart han plyndra avRadagaisus (i405) ogAttila (i452).

Underlangobardane vart Novara eit hertugdøme og underKarl den tjukke eit grevskap. Novara vart einfri keisarby, men i1110 vart han erobra avHenrik V og øydelagd. I1167 vart han derfor med iDet lombardiske forbundet mot keisaren. Mot slutten av 1100-talet aksepterte han vern hos Milano og kom i praksis underVisconti sitt styre og seinareSforza. Islaget ved Novara i 1513 forsvarte sveitsiske leigesoldatar Novara for Sforza-familien i Milano og sende bort dei franske troppane som omleira byen. Dette enda den franske invasjonen i Italia iCambraiforbundskrigen.

I1706 vart Novara, somFilippo Maria Visconti lenge hadde lovd bort tilAmadeus VIII av Savoie, okkupert av troppar frå Savoie. Medfreden i Utrecht vart byen, i lag med Milano ein del avHabsburgmonarkiet. Etter okupasjonen av byen i1734 gjekk Novara over tilHuset Savoie året etter.

Etter atNapoleon invaderte Italia vart Novara hovudstad i departementet Agogna, men kom tilbake til Savoie i1814. I1821 var han åstad for eit slag mellomKongedømet Sardinia sine troppar mot fridomsstyrkane til Piemonte. I det størreslaget ved Novara i 1849 vart den sardiske hæren slått av den austerrikske hæren til feltmarskalkJoseph Radetzky von Radetz. Dette nederlaget førte til atKarl Albert av Sardinia abdiserte og til at byen delvis vart okkupert av austerrikarane. Nederlaget til sardinarane vert ofte rekna som byrjinga påsamlinga av Italia.

Ein resolusjon i1859 oppretta provinsen Novara, som då inkluderte det som i dag er provinsaneVercelli,Biella ogVerbano-Cusio-Ossola.

Novara hadde 25 000 innbyggjarar i1861, men industrialiseringa på 1900-talet auka innbyggjartalet til over 100 000 i1981. Folketalet har endra seg lite i tida etter.

Den truleg mest kjende personen fra Novara i moderne tider varOscar Luigi Scalfaro, tidlegare president i Italia og italiensk senator på livstid. Scalfaro vart fødd i Novara i1918.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Novara
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Novara&oldid=3489718»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp