Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Novalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Novalis

PseudonymNovalis
StatsborgarskapKurfyrstedømet Sachsen
Fødd2. mai 1772
Wiederstedt
Død

25. mars 1801 (28 år)
Weißenfels

Yrkelyrikar,songtekstforfattar,filosof,ingeniør,litteraturteoretiker,skribent
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
FarHeinrich Ulrich Erasmus von Hardenberg
MorAuguste Bernhardine von Hardenberg
Signatur
Novalis på Commons

Novalis, eigentlegFriedrich von Hardenberg (2. mai 177225. mars 1801), var eindiktar frå den tidlege bolken av dentyskeromantikken.

Liv og virke

[endre |endre wikiteksten]

Tidlege år

[endre |endre wikiteksten]

Friedrich von Hardenberg var son avErasmus von Hardenberg, ein tidlegare bergverksmann som og var ein strengmetodist. Mora heitte Augusta Bernhardine, fødd von Bölzig. Friedrich var nesteldst av ellve born. Det vart sagt om guten at han var innovervendt, med store draumar, og at faren trudde han var noko tilbakeståande. Om faren var streng, heldt han seg mest til mora.

Då Friedrich var ni år, vart han alvorleg sjuk, men etter dette tok han seg kraftig opp, og vart ein ihuga lesar. Mora vart sjuk i1784, og kom seg aldri etter dette. Faren ville at Friedrich skulle studere tilprest, men sjølv ville han noko anna. Han fekk omsider stønad i dette, og kom med tida til universitetet iJena, der han skulle studerejuss.

Studieår

[endre |endre wikiteksten]

I Jena møtte Hardenberg andre unge diktarar og filosofar, mellom desseFriedrich Schiller. Han var ferdig uteksaminert i 1794. Schiller vart ein god ven resten av livet. Hausten 1794 vart han brått oppteken av Sophie von Kühn, ei pur ung jente på tretten år. Dette møtet vart med tida til eit alvorleg svermeri, men ikkje meir. Ho døydde av ein sjukdom hausten 1795, knapt 15 år gamal. Dette vart eit vendepunkt for Friedrich von Hardenberg, som no tok namnet Novalis, og la seg etter diktinga.

Diktaren

[endre |endre wikiteksten]

Dei neste åra skreiv Novalis ei lang rekkje dikt og songar. Mellom desse er samlingaGeistliche Lieder frå 1798, som vart mykje lesen i venekrinsen, sjølv om boka ikkje vart utgjeven etter at Novalis var daud. Han var no mykje i lag medFriedrich Schlegel ogLudwig Tieck.

Siste leveåra

[endre |endre wikiteksten]

Frå 1800 av tok Novalis til å skrante. Han vart gradvis meir og meir sjuk, og døydde i februar1801. Eit minnesmerke vart sett på grava hans i 1872.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.(2022)
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Novalis&oldid=3449083»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp