Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Nottingham Forest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nottingham Forest
Fullt namnNottingham Forest Football Club
Kallenamn Forest, The Reds, Tricky Tines
Grunnlagd1865
HeimebaneCity Ground
(kapasitet: 30 024)
HovudtrenarSabri Lamouchi
LigaChampionship
2018/199. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Nottingham Forest Football Club er ein engelsk fotballklubb i byenWest Bridgford iNottinghamshire iStorbritannia. Klubben har dei siste sesongane spela på nivå to i det engelske ligasystemet.

Nottingham Forest vart stifta i1865. Klubben tok del i skipinga av det engelske fotballforbundet,Football Alliance i 1889, og vart med iFootball League i 1892. Forest vannFA-cupen i 1898 og 1959, men stordomstida for klubben kom dåBrian Clough trena fotballaget. Clough leia Nottingham Forest frå 1975 til 1993. I hans tid vann klubben sitt einaste ligameisterskap, 1978, og sigra iEuropacupen to år på rad, 1979 og -80. Dessutan vann Forest fire ligacup-finalar i Clough-perioden; 1978, 1979, 1989 og 1990. I 1991 vart det tap 1-2 etter ekstraomgangar i FA-cupfinalen motTottenham Hotspur.

Nottingham Forest har sidan 1898 spela heimekampane på City Ground. Laget spelar i raude trøyer og kvite bukser.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Nottingham_Forest&oldid=3535612»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp