Sjølve byen har drygt ein kvart million innbyggjarar, men med forstader kjem folketalet opp i omkring trekvart million. Byen er sentrum i kolfeltet iEast Midland og har ein variert industri med mellom anna framstilling av kniplingar, næringsmidlar, lêr og skotøy, legemidlar, tobakk, sy klar og telekommunikasjonsutstyr. På ei høgd sentralt i byen ligg borgaNottingham Castle med bymuseum og kunstgalleri.St. Mary's Church er frå 1400-talet og den katolske domkyrkja frå 1844. Byen har to teater.
Byen oppstod iangelsaksisk tid. Ei tidleg namneform varSnottingaham, «Snots bustad», truleg etter ein lokal leiar ved det som i dagens engelske språk er det noko uheldige namnet Snot.
På800-talet vart Nottingham ein del avDanelagen og var den viktigaste byen deira.
ForfattarenAlan Sillitoe er frå Nottingham, men budde mesteparten av sitt vaksne liv iLondon.