Joseph Norman Lockyer | |||
![]() fråProceedings of the Royal Society (1909) | |||
Fødd | 17. mai1836(1836-05-17) Rugby iWarwickshire i England | ||
---|---|---|---|
Død | 16. august1920 (84 år) Salcombe Regis iDevon i England | ||
Nasjonalitet | Britisk | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | fysikar,astronom,universitetslærar | ||
Institusjonar | Imperial College London | ||
Kjend for | Oppdaging av helium, grunnla tidsskriftetNature | ||
Ektefelle | Thomazine Mary Browne | ||
Barn | William James Stewart Lockyer | ||
Medlem | Royal Society Göttingens vitenskapsakademi American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet |
SirJoseph Norman Lockyer (17. mai1836–16. august1920), ofte berre kallaNorman Lockyer, var einengelsk vitskapsmann og astronom. I lag med den franske forskarenPierre Janssen har han fått æra for å oppdage gassenhelium. Lockyer vert òg hugsa for å starta og vere den første redaktøren i det viktige tidsskriftetNature.
Som astronom var han ein pionér innaforspektroskopisksolforsking, og han er kjend for studia sine av astronomisk orientering av steinmonument, egyptiske og greske tempel og anna. Han gav ut fleire bøker, mest kjend erThe Dawn of Astronomy. A Study of the Temple-Worship and Mythology of the Ancien Egypt (ny utg. 1964).