Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Polhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråNordishavet)
Kart over Polhavet.
Kart over Polhavet.
Topografisk bilde av havet.(Kjelde:NASA)

Polhavet ellerNordishavet er det minste, grunnaste og nordlegaste av dei femverdshava. Det ligg i detarktiske området rundtNordpolen.

Trass i at det er så kaldt, erhavet svært rikt på liv. Det gjev næring til mikroorganismar som igjen blir mat forfiskestimar ogkvalar. Av denne grunnen har ein drive mykjefiske i Nordishavet.

Oseanografi

[endre |endre wikiteksten]

Havbotnen

[endre |endre wikiteksten]

Polhavet har ei flatevidd på 14 090 000 km² og ei gjennomsnittsdjupn på 1 038 meter, noko som gjer det til det grunnaste verdshavet. Ein viktig grunn til dette erden eurasiske kontinentalplata som strekkjer seg langt nordover.

Havet er delt i to av den undersjøiskeLomonosovryggen. Den største djupna er Frambassenget, som går 4 665 meter under havoverflata.

Vatn

[endre |endre wikiteksten]

Den viktigaste vasskjelda erNorskestraumen, siste delen avGolfstraumen, som går langs den eurasiske kysten. Vatn kjem òg inn fråStillehavet gjennomBeringsundet, medanAust-Grønlandsstraumen står for det meste av det utgåande vatnet.

Is i havet

[endre |endre wikiteksten]
Frose ishav.(Kjelde:NOAA)

Store delar av havet erislagt, også om sommaren. Dette gjer det vanskeleg å segla i, men skaper eit opphaldsområde forisbjørn,kvalross ogselar. Det er teikn som tyder på at isen i Nordishavet kan forsvinna om sommaren, noko som trugar dyra som lever der. Dette gjeld særleg isbjørnen, som er eit landdyr, og som no kan koma til å bli utrydda.

Ressursar

[endre |endre wikiteksten]

I Polhavet finst mange naturressursar, både i form av dyreliv, somfisk oghavpattedyr, mineral, som metall, sand og grus, ogpetroleumsfelt. Dei sistnemnde i den politiske dødsona midt i havet har ført til politisk usemje blant land som meiner dei har krav på henne –Danmark,Canada,Noreg,Russland ogUSA.

Isbjørnar nær Nordpolen.
Foto: Alphonso Braggs/US-Navy
}

Flora og fauna

[endre |endre wikiteksten]

Om lag 50 artar sjøfugl rugar ved Nordishavet, blant deialker,stormfuglar,måsar,skarvar,terner og sommerovfuglartar. I månadene juni og juli hekkar fuglar i store koloniar påfuglefjell ved kysten. Fuglane får si føde frå havet. Avselar er det åtte artar i regionen, og nokre av desseføderdrivisen. Den største selarten i Polhavet erkvalrossen som blir opptil fire meter lang og eitttonn. Selane vert jakta på avisbjørnen. Han jagar først og fremst mindre selartar. I havet finst m.a. kvalartanegrønlandskval,narkval ogkvitkval.

Det viktigaste plantelivet i Nordishavet erfytoplankton, som finst i store mengder i området. Fyroplanktonet får næring frå elvane som munnar ut i havet og fråhavstraumar frå Atlanterhavet og Stillehavet.[1]

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Polhavet er omkransa av landmassar fråNoreg,Russland,Alaska,Canada, tilGrønland.

Fleire nordgåande elvar renn ut i havet, særleg fråSibir.Petsjora,Ob,Jenisej ogLena er nokre av dei største.

Isbrytar i Nordishavet.

Transport

[endre |endre wikiteksten]

Dei russiske byaneMurmansk ogArkhangelsk er dei viktigaste hamnene til havet. Andre hamnebyar erChurchill ogInuvik i Canada,Prudhoe Bay ogBarrow i USA,Pevek,Tiksi,Dikson ogDudinka i Russland ogKirkenes ogVardø i Noreg.

Nordvestpassasjen ogNordaustpassasjen er sjøvegar som kan brukast om sommaren. Nordishavet er òg ei viktigflyrute fordi det er den kortaste vegen mellomEuropa og Stillehavskysten avAmerika.

Øyar og øygrupper i Nordishavet

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Physical Nutrients and Primary Productivity Professor Terry Whiteledge. National Oceanic and Atmospheric Administration.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Polhavet&oldid=3423738»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp