Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Nord-England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylke oi Nord-England slik regionen er definert av HM Revenue and Customs.[1]
Skilt på motorvegen A1 som viser til «The North».

Nord-England (engelskNorthern England,North of England,North Country eller berrethe North) er ein uformellregion nord iEngland. Nord-England er ikkje ei administrativ eining, men ei fellesnemning forfylke nord for eit visst punkt, ofte rekna som elvaTrent.[2] Nordgrensa er danna avSkottland. Det kan også definerast som området på kvar side av fjellkjedaPenninane midt i England, eller som det tradisjonelle utbreiingsområdet for nordengelske dialektar.

Tre offisielle engelske regionar høyrer til Nord-England:North East,North West ogYorkshire and the Humber. Til saman har fylka som utgjer Nord-England eit folketal på rundt 14,5 millionar over eit område på 37 331 km². Dei største byane erManchester,Liverpool,Leeds,Sheffield,Bradford,Newcastle upon Tyne,Huddersfield,Kingston upon Hull,Sunderland ogPreston.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Nord-England er særleg kjend som området derden industrielle revolusjonen i Storbritannia skaut fart, og det var prega av rikdom underviktoriatida. Avviklinga av størsteparten av industrien på 1900-talet førte til stor økonomisk tilbakegang.

I oldtida var store delar av området kjend somBrigantia, heimlandet tilbrigantes-stammen og det størstebritonske kongedømet påøya Storbritannia. Etter den romerske erobringa avBritannia blei den nordlege byenYork (Eboracum) hovudstad for provinsen.Angliske busetjarar skapte rikaBernicia ogDeira som seinare blei til det mektige kongeriketNorthumbria. Riket stod for ein kulturell, religiøs og vitskapleg gullalder med klosteret påLindisfarne som hovudpunkt.[3]Vikingar fråSkandinavia ogIrland tok seinare kontroll over mykje av området, som blei del avDanelagen med nært samband tilMann og øyane,Dublin ogNoreg. Northumbria blei sameint med resten av England underEadred rundt 952.

Etterden normanniske erobringa av England i 1066 blei store delar av området lagt øyde underherjinga av Nord-EnglandVilhelm erobraren ville kua heile landet. I seinmellomalderen og fram til 1641 blei Nord-England styrt av eit råd (Council of the North) underlagt monarken. Grenseområdet mot Skottland opplevde stadig strid fram til sameininga av Storbritannia i1707.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «HM Revenue & Customs Business Education & Support Teams - by area». HMRC.gov.uk.  Retrieved on 14 February 2013.
  2. «Entire Catchment Flood Modelling as a Planning Tool – River Trent Case Study». Glenelg Hopkins CMA. Arkivert fråoriginalen 14. september 2009. Henta 17. august 2013.  Retrieved on 23 February 2009.
  3. «Historical background to The Golden Age». Golden Age of Northumbria.  Retrieved on 23 February 2009.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Nord-England&oldid=3422224»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp