Nord-Dakota var opphavleg busett avmandanfolk. Nybyggarane busette seg seinare og nokre av desse var mellom annanordmenn. I dag har 30 % av befolkninga norske anar.Nord Dakota vart opptatt som den 39. delstaten i USA den2. november1889. På 1800-talet vart Nord-Dakota rekna som ein del av denville vesten. Tidlegare var staten ein del avDakota-territoriet (oppkalla etter dei innføddedakotafolka).
Nord-Dakota har det sjuande største jordbruksarealet i USA, med fokus på kornproduksjon -kveite,mais ogsoyabønner. Med 1,9 millionar storfe er staten mellom dei større kjøttprodusentane i USA. Gardsbruka er relativt store, slik at behovet for landbrukssubsidiar er mindre enn i mange andre av dei store amerikanske jordbruksstatane. Nord-Dakota har den nest størstebygg-produksjonen og har den største produksjonen avkveite i USA.
Økonomiske nøkkeltal
verdi
% av BNP
År. kjelde
BNP
26,4 mrd US$
2006,Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US
Arbeidsløyse
3,2%
2006,Labor Dept, Bureau of Labor Statistics, US
Andel fattige
11,3%
2005-06,Commerce Dept, Bureau of the Census, US
Inntekt pr innb
32.552 US$
2006,Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US