Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Nokturne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Retrospection - nocturne. Notar til verk av Edward O. Eaton.
Nocturne i G-moll, op. 37, av Chopin

Einnokturne ellernoktyrn (fråfransknocturne som tyder «nattleg», frå latinnocturnus)[1] er vanlegvis eit musikalsk stykke som er inspirert av, eller gjev ei kjensle av,natta.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Namnet nokturne vart først nytta om musikkstykke på 1700-talet, då det indikerte eit stykke i fleire satsar, normalt spelt for ein kveldsfest og så lagt bort. Stundom hadde dei det italienske namnetnotturno, somWolfgang Amadeus Mozart sineNotturno i D, K.286 ogSerenata Notturna, K. 239.[2]

Den noverande forma som eit enkeltkarakterstykke, vanlegvis skriven for piano, vart dyrka fram på 1800-talet. Dei første nokturnane skrivne med denne tittelen vart komponerte av den irske komponistenJohn Field.[3] Den mest kjende eksponenten for musikkforma varFrédéric Chopin, som skreiv21 av dei. Eit av dei mest kjende stykka frå 1800-talet sin salongmusikk var «Femte Nocturne» avIgnace Leybach. Seinare komponistar som skreiv nokturnar for piano var mellom andreGabriel Fauré,Alexander Scriabin,Erik Satie (1919),Francis Poulenc (1929) ogPeter Sculthorpe.

Nokturnar er ofte rolege, uttrykksfulle og lyriske, og ofte heller dystre, men kan òg vere framført i mange forskjellige stemningar. Den andre orkestrale nokturnen tilClaude Debussy er til dømes særs livleg.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Nocturne Definition from the Free Merriam-webster Dictionary».Merriam-webster.com. 
  2. Hubert Unverricht and Cliff Eisen, «Serenade",The New Grove Dictionary of Music and Musikars, second edition, edited byStanley Sadie and [[John Tyrrell (musicologist)}John Tyrrell]] (London: Macmillan Publishers, 2001).
  3. Brown, Maurice J.E. and Hamilton, Kenneth L. . «Nocturne (i)»,Grove Music Online, red. L. Macy (henta 1 September 2012),grovemusic.com (krev medlemskap)
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Nokturne&oldid=3441025»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp