Noginsk (russisk Ногинск) er ein by iMoskva oblast iRussland med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 30 km aust forMoskva.
Byen vart første gong nemnt i 1389 somRogozji. Han vart seinare nemnt med namnetBogorodsk i eit dekret fråKatarina den store frå rundt 1781. Han fekk namnet Noginsk i 1930, kalla opp etter den kommunistiske tekstilmannenViktor Nogin. Enkelte selskap i byen, som til dømes Bogorodsk Bryggeri[1] ogBogorodskavtotrans (lokalt transportselskap), nyttar framleis namnet Bogorodsk.
Gjennom hele 1800-talet og ein stor del av 1900-talet var byen eit storttekstilsenter, som handsamabomull,silke ogull. Industriproduksjon i byen i dag er konsentrert om keramiske material (to større selskap), matvarer (ein fiskefabrikk), drikkevarer (ein av dei største største produsent av leskedrikkar i Russland ligg nær Noginsk) og byggematerial.
Noginsk er eit transportknutepunkt og ligg ved knutepunktet mellom motorvegen tilNizjnij Novgorod (M7/E22) og ein av ringvegane til Moskva. Bygginga av ein ny bompengefinansiert motorveg inn mot Moskva er no i gang. Den nye vegen vil gå sør for den noverande, mellom Nizjnij Novgorod-vegen og Nosovikhinskoje-vegen og vil gje ei estimert reisetid til Moskva på 20 minutt.[2]
|
---|
Administrativt senter: Moskva (administrativt fråskild) |
| | |