No More Mr Nice Guy Singel avAlice Cooper frå albumetBillion Dollar Babies | ||
B-side | «Raped and Freezin'» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Hardrock,heavy metal | |
Lengd | 3:06 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Michael Owen Bruce, Alice Cooper | |
Tekstforfattar | Alice Cooper, Michael Owen Bruce | |
Låtskrivar(ar) | Alice Cooper,Michael Bruce | |
Produsent | Bob Ezrin | |
Alice Cooper-kronologi | ||
«Hello Hooray» (1973) | No More Mr Nice Guy | «Billion Dollar Babies» (1973) |
«No More Mr. Nice Guy» er ein song frå 1972 avhardrockgruppaAlice Cooper frå albumetBillion Dollar Babies. Singelen vart gjeven ut i 1973 og nådde 25. plass i USA og 10. plass i Storbritannia, og var med på å ta albumet til førsteplassen i begge landa. Songen er skriven av Alice Cooper ogMichael Bruce.
Cooper skreiv songen om reaksjonane til kyrkjegruppa til mora om sceneframferda til Cooper og rollene han spelte på scenen. Han sa at det var verre ting han kunne gjort i livet og at «hanskane no var av».[1]
Heavy metal-gruppaMegadeth spelte inn songen for filmenShocker i 1989. Songen er òg spelt inn avPat Boone for coveralbumetIn a Metal Mood: No More Mr. Nice Guy.
Songen vart spelt inn på ny av Alice Cooper for videospeletGuitar Hero: Warriors of Rock.[2]
Songen vart spelt i filmenDazed and Confused, fjernsynsserienFamily Guy i ein parodiscene avDazed and Confused, og i fjernsynsserienThe Simpsons.
År | Land | Plassering |
---|---|---|
1972 | USA | 25 |
1972 | Storbritannia | 10 |
1972 | Austerrike | 14 |
1972 | Nederland | 6 |
1972 | Irland | 18 |
1972 | Tyskland | 10 |